Kommunestyret viser til tidlegare løyving til hallprosjektet Hasundgot Arena og finn ikkje å kunne gje auka økonomisk støtte til hallen.
Grunngjevinga er at kommunen er i ein svært pressa økonomisk situasjon, støtta vil delvis måtte belastast over driftsbudsjettet og hallprosjektet har fått noko reduserte kostnader til infrastruktur pga. synergiar med føreståande kommunalt barnehageprosjekt i Gjerdsbakkane. Dessutan ønskjer kommunestyret å halde på prinsippet om at den som har behov for t.d. avskjeringsgrøft og oppgradering av nettstasjon knytt til utbyggingsprosjekt, skal betale for dette.