Mariette Gjerde er systera til styreleiar i Hasundgot IL og stiller difor spørsmål om sin gildskap.
Mariette Gjerde har ei nær personleg tilknyting til styreleiar. Som styreleiar for idrettslaget legg eg til grunn at han har eit ekstra ansvar og elles sterke interesser i saka. Eit vedtak i denne saka har vidare økonomisk betyding for Hasundgot Arena.
Ei samla vurdering av relasjonen mellom Mariette Elise Gjerde og styreleiar i Hasundgot IL, samt styrken på styreleiar sine interesser i saka, talar for at Mariette Elise Gjerde er ugild, jf. forvaltningslova § 6 andre avsnitt.
Tilrådinga er at Mariette Gjerde er ugild i sak 39/25, jf. forvaltningslova § 6 andre avsnitt.
Kommunestyret viser til tidlegare løyving til hallprosjektet Hasundgot Arena og finn ikkje å kunne gje auka økonomisk støtte til hallen.
Grunngjevinga er at kommunen er i ein svært pressa økonomisk situasjon, støtta vil delvis måtte belastast over driftsbudsjettet og hallprosjektet har fått noko reduserte kostnader til infrastruktur pga. synergiar med føreståande kommunalt barnehageprosjekt i Gjerdsbakkane. Dessutan ønskjer kommunestyret å halde på prinsippet om at den som har behov for t.d. avskjeringsgrøft og oppgradering av nettstasjon knytt til utbyggingsprosjekt, skal betale for dette.