Hopp til hovudinnhaldet

Tilråding frå kommunedirektøren

Ulstein kommune reduserer talet på barneskular frå fire til to, og gjennomfører følgjande tiltak:

  • Ulstein og Haddal skular vert lagt ned frå skuleåret 2026/2027 og elevane vert overførte til Ulsteinvik barneskule.
  • Ulstein skule vert ombygd til ny sentrumsbarnehage.
  • Haddal skule vert teken i bruk til kontorføremål og utleige.

Tiltaka skal gjennomførast innanfor økonomiske rammer, prinsippa om barnets beste, god medverknad og berekraftig utvikling.

Saka vert lagt ut til offentleg ettersyn og frist for å kome med innspel er 10.8.2025.

Fellesrådet 03.06.2025

Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne vil vente med å ta stilling til skulestrukturen men støttar intensjonen om å legge det ut på høyring.

Dei ber om at det blir tatt ei konsekvensanalyse for barn og unge med funksjonsnedsetting som tilhøyrer skulane som er føreslått nedlagt før endeleg vedtak.