Tilrådinga er at ho er ugild.
Med bakgrunn i innkomne søknadar og vurdering gjer Levekårutvalet følgjande tildeling:
Hasundgot IL - kr 200.000 til sosial sone i Hasundgot Arena
Flø IL - kr 20.000 til 50-års jubileum
Forsamlingshuset Vonheim - kr 80.000 til heis/løfteplattform
Tilskotet vert utbetalt i samsvar med gjeldande retningslinjer for Trivselsmidlar i krinsane. Midlane vert tildelt i sin heilskap ved tildeling, og tilskotsmottakar må sende inn rapport for bruk av midlane ved ferdigstilling. Tilskotet kan ikkje overstige 50 % av totalkostnaden.
Mariette Gjerde sin bror er leiar i Hasundgot IL. Dei er ein av søkarane til trivselstiltak 2025. Ho stiller derfor spørsmål om gildskapen sin.