Teknisk utval vil vente med å ta endeleg avgjersle i skulestruktur saka til etter at høyringsprosessen er gjennomførd.
Teknisk utval støttar og sende kommunedirektøren si tilråding ut på høyring, og vil oppmode dei som uttalar seg i høyringa om å vurdere også dei andre alternativa som ikkje er tilrådd frå Kommunedirektør.
Teknisk utval ynskje at trafikktryggingssituasjonen ved Hasund skule blir gjennomgått dersom det er aktuelt at elevar frå Haddal skule skal flyttast til Hasund skule.
Teknisk utval ynskjer at trafikktryggingssituasjonen ved Ulsteinvik barne og ungdomskule blir gjennomgått dersom elevar frå Ulstein skule og eller Haddal skule skal flyttast til Ulsteinvik barneskule.
Kommunedirektør si tilråding og saksutgreiing med faktagrunnlaget lagt ut til offentleg ettersyn og frist for å kome med innspel er 10.8.2025.
*Tekniskutval vil vente ned å ta endelig stilling til skulestruktur etter at høyringsperioden er gjennomført.
*Teknisk utval ynskjer at alle dei forslaga som administrasjonen har jobba fram blir sendt ut på høyring.
*teknisk utval ynskjer at høyringsfristen blir forlenga til 1 september. Då ei høyring i sommarferien ikkje er optimalt.
*Dersom kommunedirektøren sitt framlegg får fleirtal i kommunestyret må foreldre i Haddal og Eiksund krins få uttale seg om dei ynskjer å sokne til Hasund krins eller Sentrum krins
* Teknisk utval vil be om at dei tilsette sine organisasjonar kjem med innspel på læringsmiljø sosialt og fagleg for elevane. Og om kva som bør vektleggast i situasjonen for dei tilsette frå kommunen som arbeidsgivar i den komande prosessen.
*teknisk utval ynskje at trafikktryggingssituasjonen ved Hasund skule blir gjennomgått. Dette er særleg aktualisert dersom elevar frå Haddal skule skal flyttast til Hasund skule.
*Teknisk utval ynskjer at trafikktryggingssituasjonen ved Ulsteinvik barne og ungdomskule blir gjennomgått. Dette er særleg aktuelt dersom elevar frå Ulstein skule og eller Haddal skule skal flyttast til Ulsteinvik barneskule.
*Teknisk utval vil gi uttrykk for at administrasjonen har lagt ned eit godt grunnlagsarbeid i denne saka.
Ulstein kommune reduserer talet på barneskular frå fire til to, og gjennomfører følgjande tiltak:
Ulstein og Haddal skular vert lagt ned frå skuleåret 2026/2027 og elevane vert overførte til Ulsteinvik barneskule.
Ulstein skule vert ombygd til ny sentrumsbarnehage.
Haddal skule vert teken i bruk til kontorføremål og utleige.
Tiltaka skal gjennomførast innanfor økonomiske rammer, prinsippa om barnets beste, god medverknad og berekraftig utvikling.
Saka vert lagt ut til offentleg ettersyn og frist for å kome med innspel er 10.8.2025.

Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne vil vente med å ta stilling til skulestrukturen men støttar intensjonen om å legge det ut på høyring.
Dei ber om at det blir tatt ei konsekvensanalyse for barn og unge med funksjonsnedsetting som tilhøyrer skulane som er føreslått nedlagt før endeleg vedtak.