Forslag

Saksframlegg - Søknad om tomt til næringsformål, etablering av bensinstasjon

01
Kommunedirektøren si tilråding
Innstilling
Publisert

Ulstein formannskap viser til søknad datert 03.12.2024 frå Tanken Eiendom AS og følgjebrev, udatert men innregistrert 17.03.2025 med kartvedlegg, om tildeling av tomteareal ved Høddvollkrysset for etablering av bensinstasjon på regulert område til formålet, jf. gjeldande reguleringsplan for “Holseker-Varleite (riksveg 61)” med planID 20010002.

Formannskapet finn ikkje å kunne tilby kommunalt tomteareal som omsøkt. Sjølv om arealet i dag er regulert til forretnings- og bensinstasjonsformål, ønsker formannskapet å halde området reservert til framtidig fotballhall for Hødd IL og til framtidig kryssløysing frå fylkesveg til industri- og næringsområdet i Saunesmarka, jf. at området er sett av til fotballhall for Hødd (jf. arkivsak 22/289) i komande arealdel til kommuneplanen. Etablering av bensinstasjon her i dag, vil kunne vanskeleggjere arbeidet med nemnde framtidige tiltak og planarbeid.

Formannskapet er positive til etablering av bensinstasjon i regulerte utbyggingsområder i Saunesmarka, enten på privat eller kommunal grunn. Det må likevel takast omsyn til planar om mogleg ny kryssløysing frå fylkesvegen og eventuell mogleg endra/ny avkøyrsle og tilkomstveg for Saunesmarka i denne samanheng.

Vedlegg

Les meir