* Ulstein Kommunestyre vil vente med å ta endelig stilling til skulestruktur til etter at høyringsperioden er gjennomført.
* Kommunestyret ynskjer at alle dei forslaga som administrasjonen har jobba fram blir sendt ut på høyring.
* Dersom kommunedirektøren sitt framlegg får fleirtal i kommunestyret må foreldre i Haddal og Eiksund krins få uttale seg om dei ynskjer å sokne til Hasund krins eller sentrumkrinsen.
* Kommunestyret vil be om at dei tilsette sine organisasjonar kjem med innspel på læringsmiljø sosialt og fagleg for elevane. Og om kva som bør vektleggast i situasjonen for dei tilsette frå kommunen som arbeidsgivar i den komande prosessen.
* Kommunestyret ynskjer at trafikktryggingssituasjonen ved Hasund skule blir gjennomgått. Dette er særleg aktualisert dersom elevar frå Haddal skule skal flyttast til Hasund skule.
* Kommunestyret ynskjer at trafikktryggingssituasjonen ved Ulsteinvik barne og ungdomskule blir gjennomgått. Dette er særleg aktuelt dersom elevar frå Ulstein skule og eller Haddal skule skal flyttast til Ulsteinvik barneskule.
* Kommunestyret vil gi uttrykk for at administrasjonen har lagt ned eit godt grunnlagsarbeid i denne saka.
Saka vert lagt ut til offentleg ettersyn og frist for å kome med innspel er 10.8.2025.
Formannskapet vil vente med å ta endeleg avgjersles i skulestruktur saka til etter at høyringsprosessen er gjennomførd.
Formanskapet tilrår kommunestyret og sende kommunedirektøren si tilråding ut på høyring, og vil oppmode dei som uttalar seg i høyringa om å vurdere også dei andre alternativa som ikkje er tilrådd frå Kommunedirektør.
Kommunedirektør si tilråding og saksutgreiing med faktagrunnlaget vert lagt ut til offentleg ettersyn og frist for å kome med innspel er 10.8.2025.
Ulstein kommune reduserer talet på barneskular frå fire til to, og gjennomfører følgjande tiltak:
Ulstein og Haddal skular vert lagt ned frå skuleåret 2026/2027 og elevane vert overførte til Ulsteinvik barneskule.
Ulstein skule vert ombygd til ny sentrumsbarnehage.
Haddal skule vert teken i bruk til kontorføremål og utleige.
Tiltaka skal gjennomførast innanfor økonomiske rammer, prinsippa om barnets beste, god medverknad og berekraftig utvikling.
Saka vert lagt ut til offentleg ettersyn og frist for å kome med innspel er 10.8.2025.
Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne vil vente med å ta stilling til skulestrukturen men støttar intensjonen om å legge det ut på høyring.
Dei ber om at det blir tatt ei konsekvensanalyse for barn og unge med funksjonsnedsetting som tilhøyrer skulane som er føreslått nedlagt før endeleg vedtak.
Ulstein kommune reduserer talet på barneskular frå fire til to, og gjennomfører følgjande tiltak:
Ulstein og Haddal skular vert lagt ned frå skuleåret 2026/2027 og elevane vert overførte til Ulsteinvik barneskule.
Ulstein skule vert ombygd til ny sentrumsbarnehage.
Haddal skule vert teken i bruk til kontorføremål og utleige.
Tiltaka skal gjennomførast innanfor økonomiske rammer, prinsippa om barnets beste, god medverknad og berekraftig utvikling.
Saka vert lagt ut til offentleg ettersyn og frist for å kome med innspel er 10.8.2025.
Teknisk utval vil vente med å ta endeleg avgjersle i skulestruktur saka til etter at høyringsprosessen er gjennomførd.
Teknisk utval støttar å sende kommunedirektøren si tilråding ut på høyring, og vil oppmode dei som uttalar seg i høyringa om å vurdere også dei andre alternativa som ikkje er tilrådd frå kommunedirektør.
Teknisk utval ynskje at trafikktryggingssituasjonen ved Hasund skule blir gjennomgått dersom det blir aktualisert at elevar frå Haddal skule skal flyttast til Hasund skule.
Teknisk utval ynskjer at trafikktryggingssituasjonen ved Ulsteinvik barne og ungdomskule blir gjennomgått dersom det blir aktualisert at elevar frå Ulstein skule og/eller Haddal skule skal flyttast til Ulsteinvik barneskule.
Kommunedirektør si tilråding og saksutgreiing med faktagrunnlaget lagt ut til offentleg ettersyn og frist for å kome med innspel er 10.8.2025.
Ungdomsrådet ynskjer å gi fylgjande uttale til sak om endring i skulestruktur i Ulstein kommune.
Medlemmane i ungdomsrådet ser både positive og negaitve sider ved ei endring av skulestrukturen, og ein er delt i kva som er den beste løysinga.
Skuleskyss og -veg
Allereie i dag er skulebuss til og frå krinsane ei utfordring, og elevane til dømes frå Eiksund/Haddal må vente ei god stund før skulestart. Dette bør betrast, og spesielt om fleire (og yngre) elevar også skal med bussen.
Fleire av skulebussane er mykje elevar på, og ein opplever til tider ståplassar. Det er viktig at det er nok plass tilgjengeleg. Det er også stor alderskilnad mellom elevane på ein buss for 1.-10. klasse. For å ivareta eit godt miljø, bør ein vurdere om ein vaksen bør vere med på bussen?
Det er viktig med trygg skuleveg, både for dei som skal gå til ny skule og som skal ta skulebuss.
Skulane
Dersom ein legg ned Haddal og Ulstein, vert elevar frå Hasund skule dei einaste som kjem frå ein liten skule, og som ikkje kjenner dei andre elevane. Det kan vere ei utfordring ved overgang til ungdomsskule.
Ungdomsrådet er opptatt av gode tiltak for å forebygge mobbing, og med fleire elevar, vil det vere eit auka behov for fleire miljøarbeidarar i skulen.
Det vert også peika på den trygge overgongen det i dag er frå barnehage til skule på Haddal.
Bulyst
Ungdomsrådet peikar på at dette kan gjere at fleire vel å flytte vekk frå småplassane, eller lar vere å flytte til. I Haddal er det nok vekst i antall småbarnsfamilier, og det vert det truleg også i samband med det nye byggefeltet på Skeide.