Teknisk utval kan ikkje sjå at det i klagen frå Tor Kalland datert 10.02.2025 er lagt fram nye vesentlege opplysningar som ikkje var kjende for utvalet då vedtaket i sak nr. 12/25 var gjort. Teknisk utval finn difor ikkje å kunne kome i møte klagen på avslag om fritak frå driveplikta på gnr. 1, bnr. 12 og 13 i Ulstein kommune, jf. jordlova § 8 og reglane om klagehandsaming i forvaltningslova kap. VI.
Utvalet legg elles til grunn at det er interesse for bruk av jordbruksarealet på eigedomen som del av ei aktiv landbruksdrift. Utvalet ligg mindre vekt på at jordbruksareala har vorte meir marginale ved endringa av arealklassa på del av jordbruksarealet frå fulldyrka jord til innmarksbeite. Det er døme på andre gardsbruk på Flø og Roppane med tilsvarande arealressursar der eigaren oppfylle kravet om 10-årig skriftleg leigeavtale.
Utvalet legg vekt på at gardbrukarar i Ulstein kommune, som driv næringsmessig landbruksdrift, skal ha 10-årig skriftleg avtale på leigejord som fyller krava etter jordlova § 8.