Kommunalsjefen si tilråding
- Teknisk utval pålegg utbyggar Boindustri AS å rette utført murkant i forskalingsblokker på støttemur på gnr. 8, bnr. 533 langs Øvrevegen, jf. plan- og bygningslova (pbl) § 32-3.
- Rettinga skal utførast som foreslått i Boindustri AS sitt brev, datert 17.06.2025, ved å sparkle dei vertikale fugene med betong, og deretter slemme med betongmørtel sørsida mot gang- og sykkelvegen.
- Teknisk utval set i tillegg følgjande krav til rettinga:
- Forstøtningar i underkant av blokkar og alle overgangar, skøytar og sår på blokkene (jf. foto 2-6 i saksframlegg) må sparklast.
- Synleg armering må dekkast med betong.
- Alle blokker må ha understøtting.
- Alle betongfuger, skøyter og overgangar skal slemmast til slutt i lag med blokkene for å oppnå eit mest mogleg heilskapeleg resultat
4. Frist for rettinga av muren er 30.09.2025.
5. Når arbeidet er fullført, skal administrasjonen ved teknisk etat kontaktast for kontroll og godkjenning av arbeida før utskriving av ferdigattesten for utbygginga på gnr. 8, bnr. 533.
Teknisk utval grunngjev pålegget med at murkanten har lengde på om lag 120 m, og at den ligg i eit svært mykje trafikkert og godt synleg område. Samla sett har difor tiltaket ein vesentleg påverknad i høve visuelle kvalitetar for både trafikantar og brukarar av gang- og sykkelvegen. Utført murkant med forskalingsblokker har så langt ikkje hatt ei tilfredsstillande visuell utforming kvalitet, jf. kap. 29 i plan- og bygningslova. Med det framlagde forslaget til utføring frå Boindustri as datert 17.06.2025 inkludert vilkåra i punkta over, finn teknisk utval at utforminga av murkanten vil kunne få eit akseptabelt estetisk uttrykk.