Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
13:01 Forslag frå O. Gjerde (Sp)
Framlegg til vedtak frå Ulstein Senterparti:
Ulstein Kommunestyre ønskjer ikkje å gjere endringar i skulestrukturen.
Vi har i dag eit godt tilbod i heile kommunen for barn og unge, det ynskjer
vi å vidareføre.
Ved å velje alternativ 0 kan vi gjere innsparingar som ikkje går ut over
kvaliteten i oppvekst og kvaliteten i livet til familiar i same grad som i dei
andre alternativa. Vi ønskjer å lytte til innbyggarane våre og bevare
engasjementet i kommunen.
Alternativ 0 fører ikkje med seg ekstra investeringar med usikker
sluttrekning som ombygging av fleire bygg og skuleskyss.Då kan vi
lettare nå mål om innsparing alt i neste budsjettår.
FOR
1 Oddvar Gjerde SenterpartietMOT
6 Berit Lyngstad Venstre Mona Riste Industri- og Næringspartiet Erlend Eidem Høgre Magnus Kleven Eriksen Framstegspartiet Mariette Gjerde Framstegspartiet Magne Gurskevik Arbeiderpartiet13:02 Forslag frå M. Gurskevik (Ap)
Framlegg til vedtak i sak 64/25 i Levekår - Organisering av oppvekst og kuluretaten
1 Barneskulane i Ulstein og Ulsteinvik skulekrins vert slått saman frå 1. august 2026.
Det vert sett som vilkår for samanslåinga at trafikktryggingssituasjonen ved skulane i sentrum er fullt tilfredsstillande frå same dato.
Kommunestyret skal ha framlagt sak der tiltaka må godkjennast, og tiltaka må sikre fullgod løysing for av og påstiging ved skuleskyss, tilfredsstillande av og påstigningssoner når foreldre/føresette leverer og hentar skuleborn og tilstrekkeleg parkering for tilsette.
Inntil det er etablert samanhengande gang og sykkelveg frå Ulstein skule til skulane i sentrum, skal det etablerast skuleskyss mellom Ulstein skule og skulane i sentrum for dei 3 første skuleårsklassene.
2 Som kommunedirektøren sitt framlegg.
3 Haddal skule vert vidareført også etter 1. august 2026
Dersom elevtalet i Haddal kjem under 47 elevar, og sikker framskriving av elevtal viser fortsatt nedgang, skal saka fremmast på nytt.
Dersom det vert aktuelt med nedlegging, skal det gjennomførast folkerøysting i krinsen for å avgjere kvar elevane frå Haddal skal gå på skule.
FOR
3 Berit Lyngstad Venstre Mona Riste Industri- og Næringspartiet Magne Gurskevik ArbeiderpartietMOT
4 Oddvar Gjerde Senterpartiet Erlend Eidem Høgre Mariette Gjerde Framstegspartiet Magnus Kleven Eriksen Framstegspartiet13:02 Kommunedirektøren si tilråding
- Barneskulane Haddal og Ulstein skule vert slått saman med Ulsteinvik barneskule, gjeldande frå 1. august 2026. 
 - Ulstein kommunestyre ber om at ein iverksetter prosess for å endre skulekrinsgrensene i tråd med punkt 1.