Handsaming av klage - Pålegg om retting av murkant langs Øvrevegen
01

Kommunalsjefen si tilråding

Innstilling Behandlet

Teknisk utval kan ikkje sjå at det i klagen frå Boindustri AS på vedtak nr. 72/25, datert 03.07.2025 er lagt fram nye og vesentlege opplysningar som ikkje var kjende då utvalet gjorde sitt vedtak om å pålegge Boindustri AS å rette murkanten. Kommunen opprettheld difor vedtaket i sak nr. 72/25 i sin heilskap ut frå praktiske og estetiske omsyn, jf. krav om utforming og visuelle kvalitetar i plan- og bygningslova §§ 29-1 og 29-2.

Klagesaka med relevante saksdokument vert dermed sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for endeleg avgjerd i samsvar med PBL § 1-9 og forvaltningslova § 28.

Vedlegg

Les meir expand_more