Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

12:59 Forslag frå Sp og INP

Ulstein Kommunestyre ønsker ikkje å gjere endringar i skulestrukturen.

Vi har i dag eit godt tilbod i heile kommunen for barn og unge, det ynskjer vi å vidareføre.

Ved å velge alternativ 0 kan vi gjere innsparingar som ikkje går ut over kvaliteten i oppvekstvilkår og kvaliteten i livet til familier i same grad som dei andre alternativa.

Vi ønsker å lytte til innbyggerne våre og ta vare på det store engasjementet i kommunen.

Alternativ 0 fører ikkje med seg ekstra investeringar med usikker sluttregning som ombygging av fleire bygg og skuleskyss. Då kan vi lettare nå mål om innsparing allereie i neste budsjettår.

Fallen

FOR

2
Berit Roppen Senterpartiet Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet

MOT

5
Bjørn Gunnar Tafjord Kristeleg Folkeparti Berit Overvåg Hjorth Høgre Hans Petter Th. Ulstein Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet

13:00 Forslag frå M. Breivik (Ap)

1 Barneskulane i Ulstein og Ulsteinvik skulekrins vert slått saman frå 1. august 2026.

Det vert sett som vilkår for samanslåinga at trafikktryggingssituasjonen ved skulane i sentrum er fullt tilfredsstillande frå same dato.

Kommunestyret skal ha framlagt sak der tiltaka må godkjennast, og tiltaka må sikre fullgod løysing for av og påstiging ved skuleskyss, tilfredsstillande av og påstigningssoner når foreldre/føresette leverer og hentar skuleborn og tilstrekkeleg parkering for tilsette.

Inntil det er etablert samanhengande gang og sykkelveg frå Ulstein skule til skulane i sentrum, skal det etablerast skuleskyss mellom Ulstein skule og skulane i sentrum for dei 3 første skuleårsklassene.

2 Som kommunedirektøren sitt framlegg.

3 Haddal skule vert vidareført også etter 1. august 2026

Dersom elevtalet i Haddal kjem under 47 elevar, og sikker framskriving av elevtal viser fortsatt nedgang, skal saka fremmast på nytt.

Dersom det vert aktuelt med nedlegging, skal det gjennomførast folkerøysting i krinsen for å avgjere kvar elevane frå Haddal skal gå på skule.

Fallen

FOR

2
Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet

MOT

5
Berit Roppen Senterpartiet Bjørn Gunnar Tafjord Kristeleg Folkeparti Hans Petter Th. Ulstein Høgre Berit Overvåg Hjorth Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet

13:00 Kommunedirektøren si tilråding

  1. Barneskulane Haddal og Ulstein skule vert slått saman med Ulsteinvik barneskule, gjeldande frå 1. august 2026.
    • Ulstein kommunestyre ber om at ein iverksetter prosess for å endre skulekrinsgrensene i tråd med punkt 1.
      Fallen

      FOR

      3
      Hans Petter Th. Ulstein Høgre Berit Overvåg Hjorth Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet

      MOT

      4
      Berit Roppen Senterpartiet Bjørn Gunnar Tafjord Kristeleg Folkeparti Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet