1 Barneskulane i Ulstein og Ulsteinvik skulekrins vert slått saman frå 1. august 2026.
Det vert sett som vilkår for samanslåinga at trafikktryggingssituasjonen ved skulane i sentrum er fullt tilfredsstillande frå same dato.
Kommunestyret skal ha framlagt sak der tiltaka må godkjennast, og tiltaka må sikre fullgod løysing for av og påstiging ved skuleskyss, tilfredsstillande av og påstigningssoner når foreldre/føresette leverer og hentar skuleborn og tilstrekkeleg parkering for tilsette.
Inntil det er etablert samanhengande gang og sykkelveg frå Ulstein skule til skulane i sentrum, skal det etablerast skuleskyss mellom Ulstein skule og skulane i sentrum for dei 3 første skuleårsklassene.
2 Som kommunedirektøren sitt framlegg.
3 Haddal skule vert vidareført også etter 1. august 2026
Dersom elevtalet i Haddal kjem under 47 elevar, og sikker framskriving av elevtal viser fortsatt nedgang, skal saka fremmast på nytt.
Dersom det vert aktuelt med nedlegging, skal det gjennomførast folkerøysting i krinsen for å avgjere kvar elevane frå Haddal skal gå på skule.
Ulstein Kommunestyre ønsker ikkje å gjere endringar i skulestrukturen.
Vi har i dag eit godt tilbod i heile kommunen for barn og unge, det ynskjer vi å vidareføre.
Ved å velge alternativ 0 kan vi gjere innsparingar som ikkje går ut over kvaliteten i oppvekstvilkår og kvaliteten i livet til familier i same grad som dei andre alternativa.
Vi ønsker å lytte til innbyggerne våre og ta vare på det store engasjementet i kommunen.
Alternativ 0 fører ikkje med seg ekstra investeringar med usikker sluttregning som ombygging av fleire bygg og skuleskyss. Då kan vi lettare nå mål om innsparing allereie i neste budsjettår.
Ungdomsrådet viser til sin uttale frå juni 2025. Den skisserte løysinga med eigen buss, dersom Haddal skule vert lagt ned, vil vere ei god løysing for dei bekymringane ungdomsrådet hadde knytt til skulebuss. Uavhengig av kva løysing kommunestyret i Ulstein landar på, ber ungdomsrådet om at det ikkje blir kutta i ungdomstilbodet i kommunen. Dette er viktig for både trivsel, forebyggande arbeid, utanforskap og bulyst for alle ungdommar i heile kommunen.
Ingen vedtak.