Ulstein Kommunestyre ønsker ikkje å gjere endringar i skulestrukturen. Vi har i dag eit godt tilbod i heile kommunen for barn og unge, det ynskjer vi å vidareføre.
Vi ønsker å behalde 4 barneskular slik som i dag, men vil redusere kutta i stillingar i forhold til det som er skissert i alternativ 0.
Som inndekking for innsparing må ein sjå nærare på organisering av Oppvekst- og Kulturetaten, inkludert på leiarnivå, både administrativt sentralt og leiing på kvar enkelt skule. I tillegg vil det vere naudsynt å auke eigedomsskatten.
1 Barneskulane i Ulstein og Ulsteinvik skulekrins vert slått saman frå 1. august 2026.
Det vert sett som vilkår for samanslåinga at trafikktryggingssituasjonen ved skulane i sentrum er fullt tilfredsstillande frå same dato.
Kommunestyret skal ha framlagt sak der tiltaka må godkjennast, og tiltaka må sikre fullgod løysing for av og påstiging ved skuleskyss, tilfredsstillande av og påstigningssoner når foreldre/føresette leverer og hentar skuleborn og tilstrekkeleg parkering for tilsette.
Inntil det er etablert samanhengande gang og sykkelveg frå Ulstein skule til skulane i sentrum, skal det etablerast skuleskyss mellom Ulstein skule og skulane i sentrum for dei 3 første skuleårsklassene.
2 Som kommunedirektøren sitt framlegg.
3 Haddal skule vert vidareført også etter 1. august 2026
Dersom elevtalet i Haddal kjem under 47 elevar, og sikker framskriving av elevtal viser fortsatt nedgang, skal saka fremmast på nytt.
Dersom det vert aktuelt med nedlegging, skal det gjennomførast folkerøysting i krinsen for å avgjere kvar elevane frå Haddal skal gå på skule.
Ulstein kommunestyre vedtek følgande endringar innan oppvekts- og kulturetaten:
- Det skal reduserast tilsvarande 3 årsverk på oppvekst- og kulturkontoret.
- For å effektivisere leiingsstrukturen og utnytte lærarressursane i oppvekstsektoren på ein betre og meir effektiv måte, slår ein saman skuleleiing/administrasjon ved Ulsteinvik barneskule og Ulstein skule, og Hasund og Haddal skule. For lærarane som arbeider i Ulstein kommune inneber dette at dei må rekne med å måtte undervise ved fleire skular, ikkje berre på den skulen dei er knytt til organisatorisk.
- Elevar på 5.–7. trinn ved Ulstein skule vert samla ved Ulsteinvik barneskule.
- Det vert etablert ein barnehage på det frigjorte arealet ved Ulstein skule. Saman med 1-4 klasse vil dette utgjere eit oppvekstsenter med nærleik til heimen, tryggleik i kvardagen og lokal tilhøyrsle for dei minste elevane.
- Øvrige innsparingar kan takast gjennom reduksjon av stillingar på skulane
Ungdomsrådet viser til sin uttale frå juni 2025. Den skisserte løysinga med eigen buss, dersom Haddal skule vert lagt ned, vil vere ei god løysing for dei bekymringane ungdomsrådet hadde knytt til skulebuss.
Uavhengig av kva løysing kommunestyret i Ulstein landar på, ber ungdomsrådet om at det ikkje blir kutta i ungdomstilbodet i kommunen. Dette er viktig for både trivsel, forebyggande arbeid, utanforskap og bulyst for alle ungdommar i heile kommunen.
Ingen vedtak.
Ingen vedtak.
Ulstein formannskap ber om at innsparingspotensialet til følgande alternativ vert utgreidd til kommunestyremøtet 11.september:
Samanslåing av skuleleiing/administrasjon ved Ulsteinvik barneskule og Ulstein skule, og Hasund og Haddal skule.
Overføring av 5.–7. trinn ved Ulstein skule til Ulsteinvik barneskule.
Etablering av ein barnehage på det frigjorte arealet ved Ulstein skule som saman med 1-4 klasse vil utgjere eit oppvekstsenter.