Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

15:41 Kommunedirektøren si tilråding

Formannskapet går inn for at den kommunale tomta i område BFS 4 på Skeide innanfor gnr. 6, bnr. 75 vert gjort byggeklar.

Administrasjonen syter for detaljprosjektering og anbodsinnhenting for rassikring og utbygging av infrastruktur der finansiering vert henta frå unytta lånemidlar i prosjekt nr. 051701 Skeide - tilrettelegging for tomteutbygging.

Etter at det er henta inn pris på rassikringa, går administrasjonen i dialog med eigarane av dei fem bustadeigedommane i nabolaget med tanke på omfang av sikring og kostnadsdeling.

Prisfastsetting for tomta vert å kome attende til i eiga politisk sak.

Vedteke

MOT

0

FOR

7
Lisa Mari Breivik Anderson Senterpartiet Anders Myrene Kristeleg Folkeparti Per Lorentz Kopperstad Industri- og Næringspartiet Stian Skorgen Scheide Høgre Egil Ulfstein Høgre Bennie Bantilan Hansen Framstegspartiet Hanne Notøy Arbeidarpartiet