Hopp til hovudinnhaldet

Organisering av oppvekst- og kulturetaten

01

Utsettelsesforslag frå B. Roppen (Sp)

Utsettelsesforslag Presentert av: Berit Roppen Behandlet

Å legge ned to skular er det mest inngripande og drastiske ein kan gjere i kommunen vår. I tillegg er det irreversibelt. Der har kome mange spørsmål og innspel i prosessen. Og ein må difor vere heilt sikker på alle reglar har blitt følgt til punkt og prikke. Og at alle andre alternative innsparingar er vurdert før ein gjer til slike drastiske tiltak, og med så usikre store investeringar som ein legg opp til i dette forslaget.

Ein må unngå at innbyggarar statsforvaltar, barneombodet og tillitsvalde har innvendingar mot prosessen i kommunen vår. Noko slikt vil svekke tillit til kommunen og administrasjonen i lang tid. For dei involverte livet ut.

Økonomien ser ut no til å gå betre for kommunen med ein auke i skatte inngang og det kan vere vanskeleg å spå om flyktningsituasjonen i eit uroleg Europa.

Ber difor om at saka blir utsett til ein har ei betre oversikt over den økonomiske utviklinga i kommunen og at den blir behandla saman med budsjett for 2026

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Utsettelsesforslag frå Sp

Utsettelsesforslag Presentert av: Berit Roppen På vegner av Senterpartiet Behandlet

Å legge ned to skular er det mest inngripande og drastiske ein kan gjere i kommunen vår. I tillegg er det irreversibelt. Der har kome mange spørsmål og innspel i prosessen. Og ein må difor vere heilt sikker på alle reglar har blitt følgt til punkt og prikke. Og at alle andre alternative innsparingar er vurdert før ein gjer til slike drastiske tiltak.

Ein må unngå at statsforvaltar, barneombodet og tillitsvalde har innvendingar mot prosessen i kommunen vår. Noko slikt vil svekke tillit til kommunen og administrasjonen i lang tid. For dei involverte livet ut.

Økonomien ser ut no til å gå betre for kommunen med ein auke i skatte inngang og det kan vere vanskeleg å spå om flyktningsituasjonen i eit uroleg Europa.

Ber difor om at saka blir utsett til ein har ei betre oversikt over den økonomiske utviklinga i kommunen og at den blir behandla saman med budsjett for 2026.

Vedlegg

Les meir expand_more
03

Forslag frå Frp og H

Forslag Presentert av: Alf Johan Antonsen På vegner av Framstegspartiet og Høgre Behandlet
  1. Barneskulane Haddal og Ulstein skule vert slått saman med Ulsteinvik barneskule, gjeldande frå 1. august 2026.
  2. Ulstein kommunestyre ber om at ein iverksetter prosess for å endre skulekrinsgrensene i tråd med punkt 1.
  3. Inntil det er etablert samanhengande gang og sykkelveg frå Ulstein skule til skulane i sentrum, skal det etablerast skuleskyss mellom Ulstein skule og skulane i sentrum for alle elevar som ynskjer å nytte seg av skyss i inntil 3 år.

Vedlegg

Les meir expand_more
04

Forslag frå H. Notøy (Ap)

Forslag Presentert av: Hanne Notøy Behandlet

1.Barneskulane i Ulstein og Ulsteinvik skulekrins vert slått saman frå 1. august 2026.

Det vert sett som vilkår for samanslåinga at trafikktryggingssituasjonen ved skulane i sentrum er fullt tilfredsstillande frå same dato.

Kommunestyret skal ha framlagt sak der tiltaka må godkjennast, og tiltaka må sikre fullgod løysing for av og påstiging ved skuleskyss, tilfredsstillande av og påstigningssoner når foreldre/føresette leverer og hentar skuleborn og tilstrekkeleg parkering for tilsette.

Inntil det er etablert samanhengande gang og sykkelveg frå Ulstein skule til skulane i sentrum, skal det etablerast skuleskyss mellom Ulstein skule og skulane i sentrum for alle elevar som ynskjer å nytte seg av skyss, inntil 3 år.

2.Ulstein kommunestyre ber om at det vert sett igang prosess for å endre skulekrinsgrensene i tråd med punkt 1

3.Naudsynte innsparingar kan takast gjennom reduksjon i stillingar i skule og kultursektoren etter minst inngripande tiltak med sikte på å oppretthalde dagens kvalitet og trygge rammer for elevar og tilsette i skuleverket.

4.Det skal gjennomførast ei evaluering ved Haddal skule i mai 2027 etter dei erfaringar ein har gjort seg med eitt års drift med nye budsjettrammer. Fagleg og sosial kvalitet i undervisninga og skulemiljøet, og tryggleik og trivsel for elevar og tilsette skal evaluerast.

Vedlegg

Les meir expand_more
05

Vedtak i formannskapet 4. september

Innstilling Behandlet

Ulstein Kommunestyre ønsker ikkje å gjere endringar i skulestrukturen. Vi har i dag eit godt tilbod i heile kommunen for barn og unge, det ynskjer vi å vidareføre.

Vi ønsker å behalde 4 barneskular slik som i dag, men vil redusere kutta i stillingar i forhold til det som er skissert i alternativ 0.

Som inndekking for innsparing må ein sjå nærare på organisering av Oppvekst- og Kulturetaten, inkludert på leiarnivå, både administrativt sentralt og leiing på kvar enkelt skule. I tillegg vil det vere naudsynt å auke eigedomsskatten.

Vedlegg

Les meir expand_more
06

Kommunedirektøren si tilråding

Innstilling Behandlet
  1. Barneskulane Haddal og Ulstein skule vert slått saman med Ulsteinvik barneskule, gjeldande frå 1. august 2026.
  2. Ulstein kommunestyre ber om at ein iverksetter prosess for å endre skulekrinsgrensene i tråd med punkt 1.

Vedlegg

Les meir expand_more
07

Vedtak i fellesrådet 1. september

Innstilling Behandlet
  1. Barneskulane Haddal og Ulstein skule vert slått saman med Ulsteinvik barneskule, gjeldande frå 1. august 2026.
  2. Ulstein kommunestyre ber om at ein iverksetter prosess for å endre skulekrinsgrensene i tråd med punkt 1.

Vedlegg

Les meir expand_more
08

Uttale frå ungdomsrådet 1. september

Innstilling Behandlet

Ungdomsrådet viser til sin uttale frå juni 2025. Den skisserte løysinga med eigen buss, dersom Haddal skule vert lagt ned, vil vere ei god løysing for dei bekymringane ungdomsrådet hadde knytt til skulebuss.

Uavhengig av kva løysing kommunestyret i Ulstein landar på, ber ungdomsrådet om at det ikkje blir kutta i ungdomstilbodet i kommunen. Dette er viktig for både trivsel, forebyggande arbeid, utanforskap og bulyst for alle ungdommar i heile kommunen.

Vedlegg

Les meir expand_more
09

Vedtak i levekårsutvalet 2. september

Innstilling Behandlet

Ingen vedtak.

Vedlegg

Les meir expand_more
10

Vedtak i teknisk utval 3. september

Innstilling Behandlet

Ingen vedtak.

Vedlegg

Les meir expand_more
11

Vedtak i administrasjonsutvalet 4. september

Innstilling Behandlet

Administrasjonsutvalet tek debatten og innspela til vitende for vidare behandling saka.

Vedlegg

Les meir expand_more