Hopp til hovudinnhaldet

Vedtak i formannskapet 4. september

Ulstein Kommunestyre ønsker ikkje å gjere endringar i skulestrukturen. Vi har i dag eit godt tilbod i heile kommunen for barn og unge, det ynskjer vi å vidareføre.

Vi ønsker å behalde 4 barneskular slik som i dag, men vil redusere kutta i stillingar i forhold til det som er skissert i alternativ 0.

Som inndekking for innsparing må ein sjå nærare på organisering av Oppvekst- og Kulturetaten, inkludert på leiarnivå, både administrativt sentralt og leiing på kvar enkelt skule. I tillegg vil det vere naudsynt å auke eigedomsskatten.

Kommunedirektøren si tilråding

  1. Barneskulane Haddal og Ulstein skule vert slått saman med Ulsteinvik barneskule, gjeldande frå 1. august 2026.
  2. Ulstein kommunestyre ber om at ein iverksetter prosess for å endre skulekrinsgrensene i tråd med punkt 1.

Vedtak i fellesrådet 1. september

  1. Barneskulane Haddal og Ulstein skule vert slått saman med Ulsteinvik barneskule, gjeldande frå 1. august 2026.
  2. Ulstein kommunestyre ber om at ein iverksetter prosess for å endre skulekrinsgrensene i tråd med punkt 1.

Uttale frå ungdomsrådet 1. september

Ungdomsrådet viser til sin uttale frå juni 2025. Den skisserte løysinga med eigen buss, dersom Haddal skule vert lagt ned, vil vere ei god løysing for dei bekymringane ungdomsrådet hadde knytt til skulebuss.

Uavhengig av kva løysing kommunestyret i Ulstein landar på, ber ungdomsrådet om at det ikkje blir kutta i ungdomstilbodet i kommunen. Dette er viktig for både trivsel, forebyggande arbeid, utanforskap og bulyst for alle ungdommar i heile kommunen.

Vedtak i levekårsutvalet 2. september

Ingen vedtak.

Vedtak i teknisk utval 3. september

Ingen vedtak.

Vedtak i administrasjonsutvalet 4. september

Administrasjonsutvalet tek debatten og innspela til vitende for vidare behandling saka.