Overtredingsgebyr for tiltak i strandsona - Oshaugen - gnr. 7, bnr. 432
Kommunalsjefen si tilråding
Teknisk utval viser til tidlegare delegert vedtak 34/23, datert 03.03.2023 og nytt delegert vedtak 194/23, datert 12.10.2023 der det vart gjeve pålegg om fjerning av ulovleg etablert anleggsveg i strandsona og fjerning av tilførte stein- og jordmasser. Utvalet viser også til førevarslinga om overtredingsgebyr i brev datert 05.12.2023, og til Statsforvaltaren sitt vedtak datert 13.08.2025 der tidlegare vedtak 09/24, datert 25.01.2024 om overtredingsgebyr vart oppheva.
Med heimel i plan- og bygningslova (PBL) § 32-8, 1. ledd bokstav a, jf. SAK 10 § 16-1 bokstav c nr. 2, vert det gjeve overtredingsgebyr for etablering av anleggsveg og tilføring av stein- og jordmasser i strid med strandsonevernet i PBL § 1-8 og søknadsplikta i PBL § 20-1 som følgjer:
· kr 5 000 til tiltakshavar Øyvin Sønnesyn, eigar av gnr. 7, bnr. 432
· kr 25 000 til foretaket Fido AS, org. nr. 922 090 114
Teknisk utval grunngjev overtredingsgebyra med at anleggsvegen og dei tilførte jord- og steinmassar har vore eit omfattande inngrep i strandsona som har medført at delar av “Sjåura” har blitt permanent endra. Tiltaket hamnar difor ikkje inn under unntaket frå søknadsplikta i SAK10 § 4-2, men er vurdert til å vere eit søknadspliktig tiltak etter pbl § 20-1 første ledd bokstav l) og k). Det er også skjerpande at terrenginngrepet ikkje vart tilstrekkeleg fjerna og retta før kommunen gjorde vedtak om pålegg og tvangsmulkt om dette.
Utvalet ser alvorleg på tiltaket som har brote med fleire sentrale føresegner i plan- og bygningslovgjevinga. Både tiltakshavar og entreprenør burde ha forstått at det utførte arbeidet var søknadspliktig, og i alle høve innhenta nærare informasjon frå kommunen før igangsetting. Det framstår som skjerpande at dette er arbeid i strandsona der ein skal utøve særskilt varsemd, jf. PBL § 1-8. Teknisk utval meiner difor at handlingane overtredingebyra gjeld har vore aktlause.