Hopp til hovudinnhaldet

Teknisk utval 02.10.2025

Ulstein kommunestyre godkjenner i medhald av pbl §12-12 framlegg til detaljregulering for Ryssholmen rorbuer, planID 20240003 , med plankart sist revidert 02.05.2025 og med tilhøyrande føresegner sist revidert 22.09.2025.

Ulstein kommunestyre opphevar i medhald av plan- og bygningslova § 12-14, den del av PlanID 20050003 som PlanID 20240003 dekker.

Kommunedirektøren si tilråding

Behandling

Erlend Eidem (Høgre) fremja følgjande forslag:

Faren og onkelen til Erlend Eidem eig eit av dei gjeldande nausta i saka, han stiller derfor spørsmål om gildskapen sin.

Det følger av forvaltningslova § 6 første avsnitt bokastav b at ein folkevald er ugild dersom det ligg føre «når han er i slekt eller svogerskap med en part i opp- eller nedstigende linje eller i sidelinje så nær som søsken».

Tilrådinga er difor at Eidem er ugild i saka, jf. forvaltningslova § 6 første avsnitt bokstav b.

Vedtak

Erlend Eidem (Høgre) sitt forslag samrøystes vedteke.

Teknisk utval 02.10.2025 samrøystes vedteke.