Kommunedirektøren si tilråding
Ulstein kommunestyre vil ta del i vidare arbeid og prosess med sikte på kommunesamanslåing slik det går fram av saka.
I vidare dialog med andre kommunar vil Ulstein kommunestyre opprette eit forhandlingsutval som skal bestå av tre representantar – to frå det politiske fleirtalet og éin frå det politiske mindretalet. Kommunedirektøren skal inngå i utvalet.
Det vert søkt om statleg tilskot til finansiering av arbeidet.
Formannskapet 14.10.2025

Behandling
Knut Erik Engh (Framstegspartiet) fremja følgjande tilleggsforslag:
Nytt pkt 2
Kommunestyret ber om at kommunedirektøren legg fram ei sak om forhandlingsmandat og val av forhandlingsutval til neste kommunestyremøte
Stian Skorgen Scheide (Høgre) fremja følgjande forslag på vegne av H, H:
Ulstein kommunestyre vil ta del i vidare arbeid og prosess med sikte på kommunesamanslåing slik det går fram av saka.
I vidare dialog med andre kommunar vil Ulstein kommunestyre opprette eit forhandlingsutval som skal bestå av fire representantar – to frå det politiske fleirtalet og éin frå det politiske mindretalet. Kommunedirektøren skal inngå i utvalet.
Det vert søkt om statleg tilskot til finansiering av arbeidet, vi forutset at dette vert innvilga.
Vedtak
Stian Skorgen Scheide (Høgre) sitt forslag vedteke med 19 mot 6 stemmer.
FOR
Arbeidarpartiet (4/4)
Framstegspartiet (3/5)
Høgre (6/6)
Industri- og Næringspartiet (2/2)
Kristeleg Folkeparti (2/2)
Uavhengig (1/1)
- Arve Eldar Flø
Venstre (1/1)
MOT
Framstegspartiet (2/5)
- Knut Erik Engh
- Bennie Bantilan Hansen
Senterpartiet (3/3)
Sosialistisk Venstreparti (1/1)
Knut Erik Engh (Framstegspartiet) sitt tilleggsforslag fallen med 12 mot 13 stemmer.
FOR
Framstegspartiet (5/5)
Høgre (1/6)
- Stian Skorgen Scheide
Kristeleg Folkeparti (2/2)
Senterpartiet (3/3)
Venstre (1/1)
MOT
Arbeidarpartiet (4/4)
Høgre (5/6)
Industri- og Næringspartiet (2/2)
Sosialistisk Venstreparti (1/1)
Uavhengig (1/1)
- Arve Eldar Flø