Økonomiplan 2026-29 - Budsjett 2026
Kommunedirektøren si tilråding
1. Ulstein kommunestyre godkjenner økonomiplan 2026-2029 og årsbudsjett 2026 slik det går fram av framlegget og med dei rammene som det går fram av tabellar og oppstillingar under menypunkt “Budsjettvedtak” i framlagt plan
2. Ulstein kommunestyre godkjenner eit låneopptak på kr. 76 511 600,- for år 2026, her av kr 16 000 000,- til startlån for vidare tildeling.
3. Alle lån i porteføljen kan vere gjenstand for refinansiering i budsjettåret 2026.
4. Ulstein kommunestyre godkjenner sektorane sine nye betalingssatsar for år 2026 slik det går fram av menypunkt "Gebyrliste".
5. Ulstein kommunestyre vedtek med heimel i eigedomsskattelova (esktl.) §§ 2 og 3 bokstav g) slikt utskrivingsalternativ for skatteåret 2026:
Faste eigedomar i heile kommunen, unnateke næringseigedom, kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum. Etter dette vil følgjande eigedomar vere omfatta av skatteplikt: alle bustadeigedomar og fritidseigedomar (herunder våningshus, garasjar og naust) og ubygd grunneigedom (ikkje tomter regulert til næring).
A. Skattesatsen vert sett til 1,5 promille jf. esktl. §11 og §13.
B. Med heimel i eigedomsskattelova § 7 a kan «eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten» søke kommunestyret om å få fritak for eigedomsskatt. Søknadsfrist vert sett til 15.februar 2026.
C. Med heimel i eigedomsskattelova § 7 b kan «bygning som har historisk verde» søke kommunestyret om å få fritak for eigedomsskatt. Søknadsfrist vert sett til 15.februar 2026.
E. Med heimel i eigedomsskattelova § 7 c vert nyoppførte bustadhus friteke for eigedomsskatt inntil formuesgrunnlaget føreligg, men maksimalt eit år etter oppføring.
F. Ulstein kommune skal nytte siste tilgjengelege tal frå Skattedirektoratet sitt register for «Formuesgrunnlag for likning av bustader i Ulstein kommune» som grunnlag for eigedomsskatten.
G. Eigedomsskatten forfell til betaling over 6 terminar.
6. I påvente av sak om vidare busetting av flyktningar er det i budsjettet tatt høgde for busetting av 45 flyktningar i år 2026.
7. Ulstein kommune innfører eit gjeldstak slik at gjelda målt i % av inntekt går ned etter som inntekta aukar. Ein tek utgangspunkt i netto renteeksponert gjeld per 31. desember årleg for å måle utviklinga i gjelda framover. Gjeld til sjølvkost og formidlingslån vert haldne utanfor berekninga.
8. Ulstein kommunestyre ber administrasjonen om å arbeide vidare med tiltak som ikkje er ferdigstilt jf. budsjettvedtak 2024.
Vedlegg
Fellesrådet 11.11.2025

Forslag frå M. Gurskevik (Ap)
Levekårsutvalet tek orienteringane og kommunedirektøren sitt framlegg til vitande, og representantane vil ta med seg tilførde kunnskapar til drøftingane i partigruppene og fellesmøte fram mot endeleg budsjetthandsaming.