Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
15:43 Kommunedirektøren si tilråding
- Ulstein kommunestyre viser til saksutgreiinga og gjeldande delegeringsreglement og gir delegert mynde til kommunedirektøren for handsaming av søknader om startlån og bustadtilskot. Prinsippielle saker vert lagt fram for politisk handsaming - for tida levekårsutvalet. Delegert mynde er gjeldande frå 01.01.2026.
- Ulstein kommunestyre godkjenner vedlagde reviderte kommunale retningslinjer for startlån og bustadtilskot, daterte 04.11.2025. Retningslinjene er gjeldande frå 01.01.2026.
- Ulstein kommunestyre endrar og fastset saksbehandlingsgebyret for startlån og bustadtilskot til eit konkret kronebeløp. Gebyrbeløpet blir på kr 3 500 og er gjeldande frå 01.01.2026. Beløpet skal justerast årleg per 1. januar etter auken i konsumprisindeksen (KPI). Mynde for justeringa er lagt til kommunedirektøren. Første justering etter KPI blir 1. januar 2027. Gebyret skal også gjelde for saker som berre omfattar bustadtilskot.
- Ulstein kommune aukar rentepåslaget frå 0,1 % til 0,25 % for nye startlån gjeldande frå 01.01.2026.
- Handsaming av saker som gjev fullt avslag på søknader om startlån og bustadtilskot skal framleis vere gebyrfritt.
Vedteke