Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
10:00 Kommunalsjefen si tilråding
Teknisk utval gir dispensasjon i medhald av § 19-2 i plan- og bygningslova frå graden av utnytting i reguleringsplan for Sundgotmarka II, planID 20030002, § 1.1 som tillet maksimal BYA på 25 %. Omsøkt tiltak med tre bustadhus og tilhøyrande carportar på gnr. 29, bnr. 253 får ei samla utnyttingsgrad på 32 % BYA.
Det vert sett som vilkår at tilgrensande felles leikeplass (F1) skal oppgraderast i samsvar med kommuneplanens arealdel sine krav til nærleikeplass, jf. § 7.3.2. Ein detaljplan for dette skal vere innlevert seinast ved første søknad om igangsettingsløyve for prosjektet, og vere ferdigstilt før første bruksløyve i prosjektet kan gjevast, jf. § 5 i føresegner til reguleringsplan for Sundgotmarka II.
Vedteke