Hopp til hovudinnhaldet

Handsaming av klage - Overtredingsgebyr for anleggsveg i strandsona - Oshaugen - gnr 7 bnr 432

01

Vurdering av gildskap

Forslag Behandlet

Underteikna har tidlegare vore ugild i den aktuelle saka. Bakgrunnen for dette er at tiltakshavar i heile byggeperioden har nytta seg av min eigedom for transport av maskiner og matriell til byggeplass. Eg vurderer det slik at eg difor også vil vere ugild i Sak 102/25 som omhandlar sjølve klagehandsaminga.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Kommunalsjefen si tilråding

Innstilling Behandlet

Teknisk utval kan ikkje sjå at det i klagen frå Fido AS v/Hogne Varholm på vedtak nr. 92/25 i teknisk utval, møtedato 02.10.2025, er lagt fram nye og vesentlege opplysningar som ikkje var kjende då utvalet gav overtredingsgebyr på kr 25 000 til Fido AS, og kr 5 000 til tiltakshavar Øyvin Sønnesyn for etablering av anleggsveg og tilføring av stein- og jordmassar i strid med strandsonevernet i plan- og bygningslova (pbl) § 1-8, og søknadsplikta i pbl § 20-1.

Teknisk utval opprettheld difor vedtaket i sak nr. 92/25 i sin heilskap med vising til at tiltaket har brote med fleire sentrale føresegner i plan- og bygningslovgjevinga. Entreprenøren burde ha forstått at det utførte arbeidet var søknadspliktig, og det framstår som skjerpande at dette er arbeid i strandsona der ein skal utøve særskilt varsemd, jf. pbl § 1-8. Teknisk utval meiner difor at handlingane overtredingsgebyra gjeld har vore aktlause.

Teknisk utval står fast på at overtredingsgebyret på kr 25 000 til foretaket Fido AS, org.nr. 922 090 114 er korrekt då utført tiltak ikkje i det vesentlege er i samsvar med krav gjeve i eller med heimel i pbl, jf. SAK10 § 16-1 bokstav c nr. 2.

Klagesaka med relevante saksdokument vert dermed sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for vidare handsaming etter reglane i forvaltningslova § 28, jf. plan- og bygningslova § 1-9.

Vedlegg

Les meir expand_more