Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
11:13 Kommunalsjefen si tilråding
Teknisk utval i Ulstein kommune går imot at der vert skilta med forbod mot syklistar i Selvågtunnelen fordi dette i for stor grad vert inngripande i kvardagen for dei som ønskjer å nytte vegen som syklist t.d. til og frå jobb, og i samband med kulturaktivitetar. Kommunen vil arbeide for å styrke banda mellom bygdene Eiksund og Haddal, og ønskjer ikkje å redusere høvet til samkvem.
Teknisk utval viser til at det bør vere mogeleg å etablere varsling om syklist i tunnelen på same måte som t.d. for Kvalnestunnelen.
Teknisk utval sluttar seg elles til skiltplanen slik den ligg føre.
Vedteke