Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

14:14 Kommunedirektøren si tilråding

Kommunestyret i Ulstein viser til oppmoding frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) datert 31.10.2025 om busetting av flyktningar i 2026.

Etter ei samla vurdering av kapasitet, ressursbehov og økonomiske konsekvensar, gjer kommunedirektøren følgjande tilråding:

  1. Ulstein kommune vedtek å busetje 45 ordinære flyktningar i 2026.
  2. Ulstein kommune tek ikkje imot einslege mindreårige flyktningar i 2026, då kommunen per i dag ikkje har tilstrekkeleg kapasitet eller infrastruktur til å tilby eit forsvarleg tilbod til denne gruppa.
  3. Kommunen held fram arbeidet med å sikre gode tenester, bustadløysingar og kvalifisering til arbeid for busette flyktningar, i tråd med integreringslova og nasjonale mål.
  4. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjere nødvendige justeringar innanfor vedtekne rammer dersom busettingsbehovet nasjonalt endrar seg i løpet av året.

Ulstein kommune viser med dette at kommunen har både vilje og evne til å bidra i det nasjonale arbeidet med busetting og integrering av flyktningar på ein berekraftig og forsvarleg måte.

Vedteke

FOR

7
Svanhild Hasfjord Rise Sosialistisk Venstreparti Maria Myrene Vågsæter Senterpartiet Oddvar Gjerde Senterpartiet Kjell Peter Lunde Kristeleg Folkeparti Mona Riste Industri- og Næringspartiet Erlend Eidem Høgre Magnus Kleven Eriksen Framstegspartiet

MOT

0