Kommunedirektøren si tilråding
Kommunestyret i Ulstein viser til oppmoding frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) datert 31.10.2025 om busetting av flyktningar i 2026.
Etter ei samla vurdering av kapasitet, ressursbehov og økonomiske konsekvensar, gjer kommunedirektøren følgjande tilråding:
- Ulstein kommune vedtek å busetje 45 ordinære flyktningar i 2026.
- Ulstein kommune tek ikkje imot einslege mindreårige flyktningar i 2026, då kommunen per i dag ikkje har tilstrekkeleg kapasitet eller infrastruktur til å tilby eit forsvarleg tilbod til denne gruppa.
- Kommunen held fram arbeidet med å sikre gode tenester, bustadløysingar og kvalifisering til arbeid for busette flyktningar, i tråd med integreringslova og nasjonale mål.
- Kommunedirektøren får fullmakt til å gjere nødvendige justeringar innanfor vedtekne rammer dersom busettingsbehovet nasjonalt endrar seg i løpet av året.
Ulstein kommune viser med dette at kommunen har både vilje og evne til å bidra i det nasjonale arbeidet med busetting og integrering av flyktningar på ein berekraftig og forsvarleg måte.
Behandling
Det vart ikkje fremja forslag under behandlinga av saka
Vedtak
Kommunedirektøren si tilråding samrøystes vedteke.