Hopp til hovudinnhaldet

Kommunedirektøren si tilråding

Ulstein kommune sluttar seg til avtalen om etablering av kommunalt oppgåvefellesskap for dokumentasjonsforvaltning mellom kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta, med oppstart 01.01.2026.

Kommunestyret vel ordførar som fast medlem og varaordførar som varamedlem til representantskapet for «Dokumentasjonsforvaltning på Søre Sunnmøre - kommunalt oppgåvefellesskap». Dei er valt fram til neste kommunestyreperiode.

Behandling

Det vart ikkje fremja forslag under behandlinga av saka

Vedtak

Kommunedirektøren si tilråding samrøystes vedteke.