Kommunalsjefen si tilråding
Med heimel i jordlova § 8 krev teknisk utval at det vert inngått 10-årig skriftleg leigeavtale for drift av jordbruksarealet på gnr. 17, bnr. 3 i Ulstein kommune tilhøyrande Atle Myrene. Kravet gjeld for den delen av jordbruksarealet som det er interesse for å drifte.
Grunngjeving:
Då det er interesse for del av jordbruksarealet på eigedomen som del av ei aktiv landbruksdrift, må eigaren oppfylle kravet om 10-årig skriftleg leigeavtale med ein gardbrukar som driv aktivt landbruk
Behandling
Det vart ikkje fremja forslag under behandlinga av saka
Vedtak
Kommunalsjefen si tilråding samrøystes vedteke.