Hopp til hovudinnhaldet

Kommunalsjefen si tilråding

Med heimel i jordlova § 8 krev teknisk utval at det vert inngått 10-årig skriftleg leigeavtale for drift av jordbruksarealet på gnr. 17, bnr. 4 i Ulstein kommune tilhøyrande Jon Ove Ringstad. Kravet gjeld for den delen av jordbruksarealet som det er interesse for å drifte.

Grunngjeving:

Då det er interesse for del av jordbruksarealet på eigedomen som del av ei aktiv landbruksdrift, må eigaren oppfylle kravet om 10-årig skriftleg leigeavtale med ein gardbrukar som driv aktivt landbruk.

Behandling

Det vart ikkje fremja forslag under behandlinga av saka

Vedtak

Kommunalsjefen si tilråding samrøystes vedteke.