Kommunalsjefen si tilråding
Teknisk utval gir med heimel i Jordlova § 12 løyve til å dele gnr. 30, bnr. 1 og gnr. 28, bnr. 14 i to - 2 - sjølvstendige einingar fram til 01.01.2027.
Vilkår:
- Skøyte på gnr. 28, bnr. 14 skal vere tinglyst på same eigar/ eigarar som gnr. 30, bnr. 1 seinast 31.12.2026.
Grunngjeving:
Omsyna i delingsføresegna i jordlova vert teken i vare då dette berre er ei teknisk deling av landbrukseigedommen for ei kortare tid. '
Behandling
Det vart ikkje fremja forslag under behandlinga av saka
Vedtak
Kommunalsjefen si tilråding samrøystes vedteke.