Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
10:55 Forslag frå B. Roppen (Sp)
Ber om at saka blir sendt tilbake til adminsitrasjonen for å finne ei løysing for denne overdragelsen og kontrollere lovligheta av forslagene i saka.
FOR
1 Berit Roppen SenterpartietMOT
6 Bjørn Gunnar Tafjord Kristeleg Folkeparti Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Hans Petter Th. Ulstein Høgre Berit Overvåg Hjorth Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet11:20 Forslag frå A. J. Antonsen (Frp)
Teknisk utval gir med heimel i Jordlova § 12 løyve til å dele gnr 15, bnr. 2 og gnr. 17, bnr. 1 i to - 2 - sjølvstendige einingar fram til 01.01.2028.
Vilkår:
- Skøyte på gnr. 15, bnr. 2 skal vere tinglyst på same eigar/ eigarar som gnr. 17, bnr. 1 seinast 31.12.2027.
- Eigar av gnr. 17, bnr 1 kan ikkje omsette eigedomen til andre enn gnr 15, bnr 2.
Grunngjeving:
Omsyna i delingsføresegna i jordlova vert teken i vare då dette berre er ei teknisk deling av landbrukseigedommen for ei kortare tid.
FOR
7 Berit Roppen Senterpartiet Bjørn Gunnar Tafjord Kristeleg Folkeparti Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Hans Petter Th. Ulstein Høgre Berit Overvåg Hjorth Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Marianne Breivik ArbeidarpartietMOT
011:20 Kommunalsjefen si tilråding
Teknisk utval finn å måtte avslå søknaden om å dele gnr. 15, bnr. 2 og gnr. 17, bnr. 1 i to - 2 - sjølvstendige einingar for inntil ti - 10 - år med heimel i Jordlova § 12.
Grunngjeving:
Omsyna i delingsføresegna i jordlova vert ikkje teken i vare ved delinga. Det er sjølvestendig landbruksdrift på eigedomen. Difor er det vesentleg at ressursane på bruket vert haldne samla for å gi tryggleik og stabilitet i drifta. Utvalet legg vekt på at dette er ein eigedom med buplikt og odel.