Hopp til hovudinnhaldet

Kommunalsjefen si tilråding

Teknisk utval finn å måtte avslå søknaden om å dele gnr. 15, bnr. 2 og gnr. 17, bnr. 1 i to - 2 - sjølvstendige einingar for inntil ti - 10 - år med heimel i Jordlova § 12.

Grunngjeving:

Omsyna i delingsføresegna i jordlova vert ikkje teken i vare ved delinga. Det er sjølvestendig landbruksdrift på eigedomen. Difor er det vesentleg at ressursane på bruket vert haldne samla for å gi tryggleik og stabilitet i drifta. Utvalet legg vekt på at dette er ein eigedom med buplikt og odel.

Behandling

Alf Johan Antonsen (Framstegspartiet) fremja følgjande forslag:

Teknisk utval gir med heimel i Jordlova § 12 løyve til å dele gnr 15, bnr. 2 og gnr. 17, bnr. 1 i to - 2 - sjølvstendige einingar fram til 01.01.2028.

Vilkår:

  1. Skøyte på gnr. 15, bnr. 2 skal vere tinglyst på same eigar/ eigarar som gnr. 17, bnr. 1 seinast 31.12.2027.
  2. Eigar av gnr. 17, bnr 1 kan ikkje omsette eigedomen til andre enn gnr 15, bnr 2.

Grunngjeving:

Omsyna i delingsføresegna i jordlova vert teken i vare då dette berre er ei teknisk deling av landbrukseigedommen for ei kortare tid.

Berit Roppen (Senterpartiet) fremja følgjande forslag:

Ber om at saka blir sendt tilbake til adminsitrasjonen for å finne ei løysing for denne overdragelsen og kontrollere lovligheta av forslagene i saka.

Vedtak

Berit Roppen (Senterpartiet) sitt forslag fallen med 1 mot 6 stemmer.

FOR

Senterpartiet (1/1)

MOT

Arbeidarpartiet (1/1)

Framstegspartiet (1/1)

Høgre (2/2)

Industri- og Næringspartiet (1/1)

Kristeleg Folkeparti (1/1)

Alf Johan Antonsen (Framstegspartiet) sitt forslag samrøystes vedteke.

Kommunalsjefen si tilråding fallen med 0 mot 7 stemmer.

FOR

MOT

Arbeidarpartiet (1/1)

Framstegspartiet (1/1)

Høgre (2/2)

Industri- og Næringspartiet (1/1)

Kristeleg Folkeparti (1/1)

Senterpartiet (1/1)