Kommunalsjefen si tilråding
Med heimel i jordlova § 8 krev teknisk utval at det vert inngått 10-årig skriftleg leigeavtale for drift av jordbruksarealet på gnr. 32, bnr. 14 i Ulstein kommune tilhøyrande Cecilie Pedersen. Kravet gjeld for den delen av jordbruksarealet som det er interesse for å drifte.
Grunngjeving:
Då det er interesse for del av jordbruksarealet på eigedomen som del av ei aktiv landbruksdrift, må eigaren oppfylle kravet om 10-årig skriftleg leigeavtale med ein gardbrukar som driv aktivt landbruk.
Behandling
Det vart ikkje fremja forslag under behandlinga av saka
Vedtak
Kommunalsjefen si tilråding vedteke med 6 mot 1 stemmer.
FOR
Arbeidarpartiet (1/1)
Framstegspartiet (1/1)
Høgre (2/2)
Industri- og Næringspartiet (1/1)
Kristeleg Folkeparti (1/1)
MOT
Senterpartiet (1/1)