Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

15:16 Formannskapet 25.11.2025

Kommunestyret i Ulstein viser til oppmoding frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) datert 31.10.2025 om busetting av flyktningar i 2026.

Etter ei samla vurdering av kapasitet, ressursbehov og økonomiske konsekvensar, gjer kommunedirektøren følgjande tilråding:

  1. Ulstein kommune vedtek å busetje 45 ordinære flyktningar i 2026.
  2. Ulstein kommune tek ikkje imot einslege mindreårige flyktningar i 2026, då kommunen per i dag ikkje har tilstrekkeleg kapasitet eller infrastruktur til å tilby eit forsvarleg tilbod til denne gruppa.
  3. Kommunen held fram arbeidet med å sikre gode tenester, bustadløysingar og kvalifisering til arbeid for busette flyktningar, i tråd med integreringslova og nasjonale mål.
  4. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjere nødvendige justeringar innanfor vedtekne rammer dersom busettingsbehovet nasjonalt endrar seg i løpet av året.

Ulstein kommune viser med dette at kommunen har både vilje og evne til å bidra i det nasjonale arbeidet med busetting og integrering av flyktningar på ein berekraftig og forsvarleg måte.

Vedteke

FOR

25
Eldar Knotten Venstre Arve Eldar Flø Uavhengig Morten Feiring Sosialistisk Venstreparti Berit Roppen Senterpartiet Oddvar Gjerde Senterpartiet Lisa Mari Breivik Anderson Senterpartiet Anders Myrene Kristeleg Folkeparti Kjell Peter Lunde Kristeleg Folkeparti Per Lorentz Kopperstad Industri- og Næringspartiet Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Erlend Eidem Høgre Stig Ole Borgundvåg Høgre Oscar Overvåg Tafjord Høgre Stian Skorgen Scheide Høgre Egil Ulfstein Høgre Hans Petter Th. Ulstein Høgre Knut Erik Engh Framstegspartiet Bennie Bantilan Hansen Framstegspartiet Magnus Kleven Eriksen Framstegspartiet Kjell Egil Barstad Framstegspartiet Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet Aurora Dimmen Bratli Arbeidarpartiet Hanne Notøy Arbeidarpartiet Magne Gurskevik Arbeidarpartiet

MOT

0