Hopp til hovudinnhaldet

Mogleg overdraging av Sætra barnehage

01

Forslag frå Sp

Forslag Presentert av: Lisa Mari Breivik Anderson På vegner av Senterpartiet Behandlet

Ulstein kommunestyre sender saka tilbake til administrasjonen, og ber om at ein også kjem med eit alternativ om å kjøpe Sætra barnehage.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Formannskapet 25.11.2025

Innstilling Behandlet
  1. Kommunestyret godkjenner intensjonsavtale om overtaking av Sætra barnehage AS datert 07.11.25
  2. Ulstein kommune tek over Sætra barnehage AS med verknad frå 01.08.2026. Overtakinga av barnehagen vert handtert etter reglane om verksemdsoverdaging jf. Arbeidsmiljølova § 16. Alle tilsette i barnehagen får tilbod om stilling i Ulstein kommune lik den stillingsstorleiken dei har i Sætra barnehage AS.
  3. Leige av eigedomen ligg ved som eiga avtale.

Vedlegg

Les meir expand_more
03

Gildskapsvurdering - Aurora Dimmen Bratli (Ap)

Innstilling Behandlet

Spørsmål:

Vil be om å få min gildskap vurdert knytt til PS 103/25 Mogleg overdraging av Sætra barnehage, grunna at eg har eit barn i barnehagen.

Vurdering:

Reglane om habilitet i forvaltningslova § 6 gjeld ved behandling i folkevalde organ, med dei særreglar som går fram av kommunelova § 11-10.

Det å ha eit barn i ein barnehage der eigarforhold skal til behandling i kommunestyret, leier ikkje automatisk til inhabilitet etter forvaltningslova § 6 første avsnitt. Spørsmålet i denne saka må difor vurderast etter regelen i forvaltningslova § 6 andre avsnitt.

Forvaltningslova § 6 andre avsnitt inneber at ein folkevald er inhabil dersom det ligg føre «andre særegne forhold» som er «egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet». I vurderinga skal det mellom anna leggast vekt på om avgjerda i saka kan innebere ein «særleg fordel, tap eller ulempe for ham selv eller noen som han har nær personlig tilknytning til».

Føresegna opnar med dette for at det skal gjerast ei brei, skjønnsmessig og objektiv vurdering. Ved vurderinga vil det ha betyding kor nær tilknytinga er, arten og styrken av fordelen eller ulempa, og kor sannsynleg det er at fordelen eller ulempa vil inntreffe. Vurderinga må gjerast på bakgrunn av omsyna til å sikre korrekte avgjerder og bidra til å oppretthalde tilliten til forvaltninga.

I saka rår administrasjonen til at ein tek over drifta av barnehagen (ingen endring) og leiger eigedomen som barnehagen er lokalisert på til flytting til ny lokasjon.

Slik kommunedirektøren vurderer det ligg der ikkje føre særeigne forhold som skulle tilseie at det skal kunne svekke tilliten til representanten. Ein kan heller ikkje sjå saka vil gi ein særleg fordel, tap eller ulempe for representanten.

Ut frå ei heilskapeleg vurdering av dei opplyste forholda er det vår tilråding at det ikkje ligg føre særeigne forhold som er eigna til å svekkje tilliten til Bratli sin gildskap, forvaltningslova § 6 andre avsnitt.

Vår tilråding er difor at Bratli er habil.

Vedlegg

Les meir expand_more
04

Kommunedirektøren si tilråding

Innstilling Behandlet
  1. Kommunestyret godkjenner intensjonsavtale om overtaking av Sætra barnehage AS datert 07.11.25
  2. Ulstein kommune tek over Sætra barnehage AS med verknad frå 01.08.2026. Overtakinga av barnehagen vert handtert etter reglane om verksemdsoverdaging jf. Arbeidsmiljølova § 16. Alle tilsette i barnehagen får tilbod om stilling i Ulstein kommune lik den stillingsstorleiken dei har i Sætra barnehage AS.
  3. Leige av eigedomen ligg ved som eiga avtale.

Vedlegg

Les meir expand_more
05

Levekårsutvalet 17.11.2025