Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

19:31 Formannskapet 25.11.2025

  1. Ulstein kommunestyre godkjenner økonomiplan 2026-2029 og årsbudsjett 2026 slik det går fram av framlegget og med dei rammene som det går fram av tabellar og oppstillingar under menypunkt “Budsjettvedtak” i framlagt plan og med endringane lagt ved i politikermodul:
  2. https://pub.framsikt.net/2026/ulstein/ps-2026-felles_budsjettframlegg_presentert_fs/#/polsim/politicalsimulation/
  3. Ulstein kommunestyre godkjenner eit låneopptak på kr. 76 511 600,- for år 2026, her av kr 16 000 000,- til startlån for vidare tildeling.
  4. Alle lån i porteføljen kan vere gjenstand for refinansiering i budsjettåret 2026.
  5. Ulstein kommunestyre godkjenner sektorane sine nye betalingssatsar for år 2026 slik det går fram av menypunkt "Gebyrliste".
  6. Ulstein kommunestyre vedtek med heimel i eigedomsskattelova (esktl.) §§ 2 og 3 bokstav g) slikt utskrivingsalternativ for skatteåret 2026:
  7. Faste eigedomar i heile kommunen, unnateke næringseigedom, kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum. Etter dette vil følgjande eigedomar vere omfatta av skatteplikt: alle bustadeigedomar og fritidseigedomar (herunder våningshus, garasjar og naust) og ubygd grunneigedom (ikkje tomter regulert til næring).
  8. A. Skattesatsen vert sett til 1,5 promille jf. esktl. §11 og §13.
  9. B. Med heimel i eigedomsskattelova § 7 a kan «eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten» søke kommunestyret om å få fritak for eigedomsskatt. Søknadsfrist vert sett til 15.februar 2026.
  10. C. Med heimel i eigedomsskattelova § 7 b kan «bygning som har historisk verde» søke kommunestyret om å få fritak for eigedomsskatt. Søknadsfrist vert sett til 15.februar 2026.
  11. E. Med heimel i eigedomsskattelova § 7 c vert nyoppførte bustadhus friteke for eigedomsskatt inntil formuesgrunnlaget føreligg, men maksimalt eit år etter oppføring.
  12. F. Ulstein kommune skal nytte siste tilgjengelege tal frå Skattedirektoratet sitt register for «Formuesgrunnlag for likning av bustader i Ulstein kommune» som grunnlag for eigedomsskatten.
  13. G. Eigedomsskatten forfell til betaling over 6 terminar.
  14. I påvente av sak om vidare busetting av flyktningar er det i budsjettet tatt høgde for busetting av 45 flyktningar i år 2026.
  15. Ulstein kommune innfører eit gjeldstak slik at gjelda målt i % av inntekt går ned etter som inntekta aukar. Ein tek utgangspunkt i netto renteeksponert gjeld per 31. desember årleg for å måle utviklinga i gjelda framover. Gjeld til sjølvkost og formidlingslån vert haldne utanfor berekninga.
  16. Ulstein kommunestyre ber administrasjonen om å arbeide vidare med tiltak som ikkje er ferdigstilt jf. budsjettvedtak 2024.
Vedteke

FOR

24
Eldar Knotten Venstre Arve Eldar Flø Uavhengig Morten Feiring Sosialistisk Venstreparti Oddvar Gjerde Senterpartiet Lisa Mari Breivik Anderson Senterpartiet Kjell Peter Lunde Kristeleg Folkeparti Anders Myrene Kristeleg Folkeparti Per Lorentz Kopperstad Industri- og Næringspartiet Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Hans Petter Th. Ulstein Høgre Egil Ulfstein Høgre Stig Ole Borgundvåg Høgre Stian Skorgen Scheide Høgre Erlend Eidem Høgre Oscar Overvåg Tafjord Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Magnus Kleven Eriksen Framstegspartiet Kjell Egil Barstad Framstegspartiet Bennie Bantilan Hansen Framstegspartiet Knut Erik Engh Framstegspartiet Hanne Notøy Arbeidarpartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet Magne Gurskevik Arbeidarpartiet Aurora Dimmen Bratli Arbeidarpartiet

MOT

1
Berit Roppen Senterpartiet

19:32 Forslag frå Sp og SV

Ulstein kommunestyre er uro for kutta i oppvekst som det blir lagt opp til i budsjettet.

Ved å ha fleire voksne i skulen får særlig dei elevane som strever mest får tilstrekkelig hjelp, derfor vil dette vere eit viktig forebyggende tiltak for å førebygge utanforskap.

Ulstein kommunestyre ber om å få ei sak når ein ser konsekvensane av nedbemanning pga innsparing i Oppvekstetaten. Kommunestyret kan då ta stilling til om vi skal bevilge ekstra midlar til å redusere kutta i skulen.

Fallen

FOR

6
Morten Feiring Sosialistisk Venstreparti Lisa Mari Breivik Anderson Senterpartiet Oddvar Gjerde Senterpartiet Berit Roppen Senterpartiet Anders Myrene Kristeleg Folkeparti Bennie Bantilan Hansen Framstegspartiet

MOT

19
Eldar Knotten Venstre Arve Eldar Flø Uavhengig Kjell Peter Lunde Kristeleg Folkeparti Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Per Lorentz Kopperstad Industri- og Næringspartiet Oscar Overvåg Tafjord Høgre Hans Petter Th. Ulstein Høgre Stig Ole Borgundvåg Høgre Stian Skorgen Scheide Høgre Erlend Eidem Høgre Egil Ulfstein Høgre Kjell Egil Barstad Framstegspartiet Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Magnus Kleven Eriksen Framstegspartiet Knut Erik Engh Framstegspartiet Magne Gurskevik Arbeidarpartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet Aurora Dimmen Bratli Arbeidarpartiet Hanne Notøy Arbeidarpartiet