Kommunedirektøren si tilråding
1.Kommunestyret vedtek husleige for dei nye omsorgsbustadane i Skollebakken 1 til omlag kr 13 000 per månad.
2. I tillegg vert felleskostnader fastsett til omlag kr 1 300 per månad.
3. Husleiga vert regulert vidare i tråd med gjeldande regelverk og vedteken berekningsmodell.
Behandling
Aurora Dimmen Bratli (Arbeidarpartiet) fremja følgjande forslag:
Fellesrådet vil gi eit signal om at vi synest at leigeprisen for Skollebakken 1 er i overkant høg, rådet har likevel forståing for at ein må innhente gjengs leige, men at ein må minnast på at det er ei sårbar gruppe menneske som skal nytte tilbodet.
Votering:
samrøystes vedteke.
Marieke Christiansen (Tilitsvalgt) fremja følgjande forslag:
Marieke Christiansen er ansatt som bustadkoordinator og har ansvar for regulering av husleige i praksis for kommunale utleigebustadar og omsorgsbustadar. Ho stiller difor spørsmål om gildskapen sin.
Tilråding:
Den tilsette er i underordna stilling, utan formell avgjerdsmynde i saka. Ho har delteke i saksførebuinga i beskjeden grad og har heller ikkje personleg eller økonomisk særinteresse i utfallet av saka. Rolla hennar er avgrensa til å iverksetje vedteken politikk og reglement.
Det ligg ikkje føre særlege forhold som er eigna til å svekkje tilliten til hennar upartiskheit, jf. forvaltningslova § 6 andre ledd.
På bakgrunn av dette vert den tilsette vurdert som habil til å delta i behandlinga av saka.
Vedtak
Aurora Dimmen Bratli (Arbeidarpartiet) sitt forslag
Fellesrådet vil gi eit signal om at vi synest at leigeprisen for Skollebakken 1 er i overkant høg, rådet har likevel forståing for at ein må innhente gjengs leige, men at ein må minnast på at det er ei sårbar gruppe menneske som skal nytte tilbodet.