Hopp til hovudinnhaldet

Levekårsutvalet 28.01.2026

Levekårsutvalet tek orientering og forslag til vitende.

Ungdomsrådet 28.01.2026

Uttale frå ungdomsrådet:

Ungdomsrådet meiner Bakkegata burde stengast, men kanskje tidspunktet kan justerast til 7.30-8.30?

Det er dumt å ta av uteområdet til ungdomsskulen. Elevane bør vere ute i friminutta, då trengs det uteareal med muligheit å drive med aktivitet.

Innkjøring og utkjøring frå Ulstein ungdomsskule (for levering om morgonen) er krevande når det også går barneskuleelevar i krysset og det er mørkt.

Ungdomsrådet diskuterte også ulike snarvegar og peika på plassar som vert nytta av ungdomsskuleelvar.

Ned frå Prost Ankers gate, før nr 12, er det ofte ekstra glatt vinterstida i svingen retning ungdomsskulen.

Elevar nyttar også ein snarveg opp Vikemyra langs Vikeelva, og vidare opp ved Vikemyra 16.

Buss for ungdomsskuleelevane kan også med fordel flyttast til Gjerdegata. Det er tryggare.

Er det mogleg å få speglar i avkøyrsler til høgre i Bakkegata?

Fellesrådet 27.01.2026

Fellesrådet sluttar seg til hovudtrekka for tiltak, prioritering og framdrift for trafikktrygging til og frå skuleområdet i Ulsteinvik sentrum slik det framgår av handlingsplan datert 26.11.2025 vedlagt i saka.

Rådet vil også peike på at det er positivt at ein i stor grad har tatt omsyn til dei med funksjonsnedsettingar som har behov for tilrettelagt transport. Rådet vil elles oppfordre til at ein kan vurdere å engasjere frivillige til å hjelpe til for å skape ein tygg skuleveg.

Behandling

Stian Skorgen Scheide (Høgre) fremja følgjande forslag:

Formanskapet tek høyringa til vitende.

Formanskapet ønsker at man i prosjektet bakkegata vurderer planfri krysning i samband med fortau utbygging.

Votering:

samrøystes vedteke.

Vedtak

Stian Skorgen Scheide (Høgre) sitt forslag

Formanskapet tek høyringa til vitende.

Formanskapet ønsker at man i prosjektet bakkegata vurderer planfri krysning i samband med fortau utbygging.