Klage på krav om avtale som oppfyller driveplikta på gnr. 17, bnr. 4
Kommunalsjefen si tilråding
Teknisk utval kan ikkje sjå at det i klagen frå Jon Ove Ringstad datert 19.12.2025, ved advokat John Arne Dalby, er lagt fram nye og vesentlege opplysningar som ikkje var kjende for utvalet då vedtaket i sak nr. 115/25 vart gjort. Teknisk utval finn difor ikkje å kunne imøtekome klagen på avslag om fritak frå driveplikta på gnr. 17, bnr. 4 i Ulstein kommune, jf. jordlova § 8 og reglane om klagehandsaming i forvaltningslova kap. VI.
Utvalet legg elles til grunn at del av jordbruksarealet på eigedomen vert drifta av ein gardbrukar og er del av denne brukaren sitt næringsgrunnlag. Utvalet legg vekt på at gardbrukarar i Ulstein kommune som driv næringsmessig landbruksdrift, skal ha 10-årig skriftleg avtale på leigejord som fyller krava etter jordlova § 8.