Søknad om omdisponering og deling etter jordlova - gnr. 24, bnr. 2
Forslag frå A. J. Antonsen (Frp)
Teknisk utval gir med heimel i Jordlova § 9 dispensasjon for å omdisponere inntil 0,6 dekar fulldyrka jord til bustadføremål på gnr. 24, bnr. 2.
Det er eit vilkår for omdisponeringa at tomta vert bygd på og nytta til bustadføremål innan 3 år, viss ikkje fell omdisponeringsløyvet vekk, jf. § 9, 4. ledd i jordlova.
Grunngjeving:
Utvalet legg vekt på at arealgrunnlaget for eigedomen er marginalt. Det er svake landbruksinteresser knytt til jordbruksarealet da arealet ikkje vert nytta til matproduksjon no i dag og ligg inn i mellom ei rekke med bustadhus. Strand fekk løyve til å omdisponere fulldyrka jord for å byggje bustadhus på eigedomen som den aktuelle tomta grensar til i oktober 2023.
Vedlegg
Kommunalsjefen si tilråding
Med heimel i Jordlova § 9 gir ikkje teknisk utval dispensasjon for å omdisponere inntil 0,6 dekar fulldyrka jord til bustadføremål på gnr. 24, bnr 2.
Grunngjeving:
Det ligg ikkje føre særlege høve for å gi dispensasjon til omdisponering av dyrka jord i denne saka. Sjølv om arealet er lite, er dyrka jord ein ressurs for matproduksjon som skal takast vare på og forvaltast ut frå eit langsiktig perspektiv.