Hopp til hovudinnhaldet

Handlingsplan for trafikktrygging ved skulesamanslåing

01

Forslag frå B. Roppen (Sp)

Tilleggsforslag Behandlet
  1. Legge til rette for at snarvegar i byggefelta blir meir brukte. Då får borna og ungdommane bort frå bilvegane. Vedlikehald, opprydding, merking og belysning av vegane er då nødvendig
  2. Leiar elevane gjennom Gjerdegata og ikkje gjennom Kyrkjegata når Fagertun er ferdig byggd.
  3. Skuleskyss frå Vikemarka, Varleite og Hofsetsvingane stopper i Gjerdegata dette vil gi tryggare skuleveg og er eit ynskje frå FAU ved Ulsteinvik Barneskule
  4. ber om at Administrasjonen ser på forbetring av Vikebakkrysset og planlegge avstigingsplass for å førebygge farlege situasjonar.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Kommunedirektøren si tilråding

Innstilling Behandlet

Kommunestyret godkjenner framlegg til handlingsplan - trygg trafikk til og frå skuleområdet i Ulsteinvik revidert 30.01.2026.

Kommundirektøren set planen i verk innanfor gjeldande fullmakter.

Kommunestyret prinsippgodkjenner skiltplan revidert 30.01.2026. Teknisk utval har fullmakt til å gjere vedtak om skiltplan og eventuelt vedta mindre vesentlege justeringar av framlagt skiltplan. Utvalet gjev også tilråding til Statens vegvesen om dei trafikkregulerande skilta, jf. skiltforskriften § 28.

Vedlegg

Les meir expand_more