Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

18:49 Gildskapsvurdering - Oscar O. Tafjord (H)

Oscar O. Tafjord eig bustad i Gjerdegata 31 og sit i styret for sameiget på same adresse. Han stiller difor spørsmål ved sin gildskap i saka.

Vurdering:

Ein har meldt spørsmål om habilitet på grunn av eigarskap til bustad i Gjerdegata 31 og styreverv i sameiget på adressa. Saka gjeld vedtak av handlingsplan og prinsippgodkjenning av skiltplan med mellom anna parkeringsrestriksjonar i Bakkegata.

Tafjord er ikkje å regne som automatisk inhabil jf. forvaltningslova § 6 første ledd og saka må derfor vurderast skjønnsmessig etter forvaltningslova § 6 andre ledd.

Etter forvaltningslova § 6 andre ledd er ein folkevald inhabil dersom det ligg føre særlege forhold som er eigna til å svekkje tilliten til vedkomande si upartiskheit. Det skal særleg leggjast vekt på om avgjerda kan innebere særleg fordel, tap eller ulempe.

Parkeringsrestriksjonane i saka gjeld fleire eigedomar langs Bakkegata og ikkje berre den aktuelle eigedomen. Tiltaket er meint som eit generelt trafikkregulerande tiltak som rammar ein større og ubestemt krins av bebuarar i området. Det ligg ikkje føre opplysningar om at eigedomen får ei særskild eller avvikande verknad samanlikna med andre eigedomar langs gata.

Sameiget på adressa har heller ikkje sendt inn merknader i saka, og sameiget har ikkje ei særskild rolle eller interesse som skil seg frå andre eigedomar i området.

Etter ei samla vurdering ligg det ikkje føre forhold som tilseier at den folkevalde har ein særleg fordel, tap eller ulempe i saka. Det ligg dermed ikkje føre inhabilitet etter forvaltningslova § 6 andre ledd sik kommunedirektøren vurderer det.

Samrøystes vedteke

18:55 Teknisk utval 05.02.2026

Kommunestyret godkjenner framlegg til handlingsplan - trygg trafikk til og frå skuleområdet i Ulsteinvik revidert 30.01.2026.

Kommundirektøren set planen i verk innanfor gjeldande fullmakter.

Kommunestyret prinsippgodkjenner skiltplan revidert 30.01.2026. Teknisk utval har fullmakt til å gjere vedtak om skiltplan og eventuelt vedta mindre vesentlege justeringar av framlagt skiltplan. Utvalet gjev også tilråding til Statens vegvesen om dei trafikkregulerande skilta, jf. skiltforskriften § 28.

  1. Legge til rette for at snarvegar i byggefelta blir meir brukte. Då får borna og ungdommane bort frå bilvegane. Vedlikehald, opprydding, merking og belysning av vegane er då nødvendig
  2. Leiar elevane gjennom Gjerdegata og ikkje gjennom Kyrkjegata når Fagertun er ferdig bygd.
  3. Skuleskyss frå Vikemarka, Varleite og Hofsetsvingane stopper i Gjerdegata dette vil gi tryggare skuleveg og er eit ynskje frå FAU ved Ulsteinvik barneskule
  4. Ber om at administrasjonen ser på forbetring av Vikebakkrysset og planlegger avstigingsplass for å førebygge farlege situasjonar
Vedteke

FOR

25
Eldar Knotten Venstre Arve Eldar Flø Uavhengig Morten Feiring Sosialistisk Venstreparti Oddvar Gjerde Senterpartiet Berit Roppen Senterpartiet Lisa Mari Breivik Anderson Senterpartiet Kjell Peter Lunde Kristeleg Folkeparti Anders Myrene Kristeleg Folkeparti Per Lorentz Kopperstad Industri- og Næringspartiet Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Egil Ulfstein Høgre Berit Overvåg Hjorth Høgre Stig Ole Borgundvåg Høgre Oscar Overvåg Tafjord Høgre Hans Petter Th. Ulstein Høgre Stian Skorgen Scheide Høgre Mariette Gjerde Framstegspartiet Bennie Bantilan Hansen Framstegspartiet Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Magnus Kleven Eriksen Framstegspartiet Kjell Egil Barstad Framstegspartiet Aurora Dimmen Bratli Arbeidarpartiet Magne Gurskevik Arbeidarpartiet Hanne Notøy Arbeidarpartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet

MOT

0

18:56 Forslag frå B. Roppen (Sp)

Ber om at ein starter med prosjektering og planlegging av fortau langs Bakkgata

Fallen

FOR

12
Eldar Knotten Venstre Arve Eldar Flø Uavhengig Morten Feiring Sosialistisk Venstreparti Berit Roppen Senterpartiet Oddvar Gjerde Senterpartiet Lisa Mari Breivik Anderson Senterpartiet Anders Myrene Kristeleg Folkeparti Per Lorentz Kopperstad Industri- og Næringspartiet Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Berit Overvåg Hjorth Høgre Bennie Bantilan Hansen Framstegspartiet Kjell Egil Barstad Framstegspartiet

MOT

13
Kjell Peter Lunde Kristeleg Folkeparti Stian Skorgen Scheide Høgre Oscar Overvåg Tafjord Høgre Hans Petter Th. Ulstein Høgre Egil Ulfstein Høgre Stig Ole Borgundvåg Høgre Mariette Gjerde Framstegspartiet Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Magnus Kleven Eriksen Framstegspartiet Magne Gurskevik Arbeidarpartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet Aurora Dimmen Bratli Arbeidarpartiet Hanne Notøy Arbeidarpartiet