Hopp til hovudinnhaldet

Handlingsplan for trafikktrygging ved skulesamanslåing

01

Gildskapsvurdering - Oscar O. Tafjord (H)

Innstilling Publisert

Oscar O. Tafjord eig bustad i Gjerdegata 31 og sit i styret for sameiget på same adresse. Han stiller difor spørsmål ved sin gildskap i saka.

Vurdering:

Ein har meldt spørsmål om habilitet på grunn av eigarskap til bustad i Gjerdegata 31 og styreverv i sameiget på adressa. Saka gjeld vedtak av handlingsplan og prinsippgodkjenning av skiltplan med mellom anna parkeringsrestriksjonar i Bakkegata.

Tafjord er ikkje å regne som automatisk inhabil jf. forvaltningslova § 6 første ledd og saka må derfor vurderast skjønnsmessig etter forvaltningslova § 6 andre ledd.

Etter forvaltningslova § 6 andre ledd er ein folkevald inhabil dersom det ligg føre særlege forhold som er eigna til å svekkje tilliten til vedkomande si upartiskheit. Det skal særleg leggjast vekt på om avgjerda kan innebere særleg fordel, tap eller ulempe.

Parkeringsrestriksjonane i saka gjeld fleire eigedomar langs Bakkegata og ikkje berre den aktuelle eigedomen. Tiltaket er meint som eit generelt trafikkregulerande tiltak som rammar ein større og ubestemt krins av bebuarar i området. Det ligg ikkje føre opplysningar om at eigedomen får ei særskild eller avvikande verknad samanlikna med andre eigedomar langs gata.

Sameiget på adressa har heller ikkje sendt inn merknader i saka, og sameiget har ikkje ei særskild rolle eller interesse som skil seg frå andre eigedomar i området.

Etter ei samla vurdering ligg det ikkje føre forhold som tilseier at den folkevalde har ein særleg fordel, tap eller ulempe i saka. Det ligg dermed ikkje føre inhabilitet etter forvaltningslova § 6 andre ledd sik kommunedirektøren vurderer det.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Teknisk utval 05.02.2026

Innstilling Publisert

Kommunestyret godkjenner framlegg til handlingsplan - trygg trafikk til og frå skuleområdet i Ulsteinvik revidert 30.01.2026.

Kommundirektøren set planen i verk innanfor gjeldande fullmakter.

Kommunestyret prinsippgodkjenner skiltplan revidert 30.01.2026. Teknisk utval har fullmakt til å gjere vedtak om skiltplan og eventuelt vedta mindre vesentlege justeringar av framlagt skiltplan. Utvalet gjev også tilråding til Statens vegvesen om dei trafikkregulerande skilta, jf. skiltforskriften § 28.

  1. Legge til rette for at snarvegar i byggefelta blir meir brukte. Då får borna og ungdommane bort frå bilvegane. Vedlikehald, opprydding, merking og belysning av vegane er då nødvendig
  2. Leiar elevane gjennom Gjerdegata og ikkje gjennom Kyrkjegata når Fagertun er ferdig bygd.
  3. Skuleskyss frå Vikemarka, Varleite og Hofsetsvingane stopper i Gjerdegata dette vil gi tryggare skuleveg og er eit ynskje frå FAU ved Ulsteinvik barneskule
  4. Ber om at administrasjonen ser på forbetring av Vikebakkrysset og planlegger avstigingsplass for å førebygge farlege situasjonar

Vedlegg

Les meir expand_more
03

Kommunedirektøren si tilråding

Innstilling Publisert

Kommunestyret godkjenner framlegg til handlingsplan - trygg trafikk til og frå skuleområdet i Ulsteinvik revidert 30.01.2026.

Kommundirektøren set planen i verk innanfor gjeldande fullmakter.

Kommunestyret prinsippgodkjenner skiltplan revidert 30.01.2026. Teknisk utval har fullmakt til å gjere vedtak om skiltplan og eventuelt vedta mindre vesentlege justeringar av framlagt skiltplan. Utvalet gjev også tilråding til Statens vegvesen om dei trafikkregulerande skilta, jf. skiltforskriften § 28.

Vedlegg

Les meir expand_more