Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
13:23 Gildskapsspørsmål - Maria Myrene Vågsæter (Sp)
Maria Myrene Vågsæter arbeidar som lærar, ho stiller derfor spørsmål om gildskapen sin i PS 18/26.
Vurdering:
Vurderinga tek utgangspunkt i forvaltningslova § 6. Dei absolutte inhabilitetsgrunnane i § 6 første ledd (familietilknyting, partsstilling, fullmektig, leiande stilling i verksemd som er part mv.) kjem ikkje til anvending i denne saka, då Vågsæter ikkje har slik særskild tilknyting til saka eller eventuelle partar.
Sak 18/26 gjeld ei prinsipielt og generelt utforma høyringsuttale til NOU 2026:1 om ein berekraftig kommunesektor, og ikkje eit konkret vedtak som direkte gjeld arbeidsforholda eller stillinga til Vågsæter eller avgrensa grupper av tilsette. Ho er tilsett som lærar i kommunen, men dette er ein generell posisjon som ho deler med mange andre tilsette, og som ikkje gir henne ein særleg fordel, tap eller ulempe utover det som gjeld kommunesektoren generelt. Etter § 6 andre ledd skal ein leggje vekt på om det ligg føre «særlige forhold som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet», og slik særegenskap ligg etter kommunedirektøren si vurdering ikkje føre her.
Kommunal- og distriktsdepartementet sin rettleiar om habilitet i kommunar og fylkeskommunar peikar òg på at det å vere tilsett i kommunen som sådan, normalt ikkje gjer folkevalde inhabile i generelle saker som gjeld kommunen si verksemd på overordna nivå.
Kommunedirektøren finn på dette grunnlaget at Maria Myrene Vågsæter er habil til å delta i behandlinga av sak 18/26.
I tråd med forvaltningslova § 8 er det likevel Levekårsutvalet som formelt avgjer habilitetsspørsmålet dersom det blir reist tvil i møte.
13:56 Forslag frå M. Gurskevik (Ap)
Levekårsutvalet vil legge tilrette for grundig drøfting i partigruppene før endeleg vedtak i kommunestyret. Her står prinsippa mellom kommunalt sjølvstyre og konkret sikring av vikige rettar i skule og omsorgsområdet.gjennom overordna detaljstyring.mot kvarandre.
Levekår gjer derfor ikkje særskilt realitetsvedtak i denne saka.