Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

10:37 Kommunalsjefen si tilråding

Teknisk utval gjev mellombels dispensasjon frå reguleringsplanformålet industri/lager og frå strandsonevernet i plan- og bygningslova (pbl) § 1-8 slik at eigar av gnr. 6, bnr. 27 (Fløvegen 122) kan etablere bubilparkering og hagestove som omsøkt med ei varigheit på ca. 3 år, til 1. mars 2029, jf. pbl § 19-3.

Teknisk utval set følgjande vilkår for dispensasjonen:

  1. All inn- og utkøyring med parkering skal i sin heilheit skje mot sør og vest. Det er ikkje høve for parkering av bubilar mellom eksisterande bygningsmasse og Fløvegen. Dersom personbilar skal parkere her, må det etter søknad etablerast fysisk skille mot Fløvegen.
  2. Dersom tiltaket vil medføre vesentlege ulemper for omgjevnadane, kan dispensasjonen verte trekt attende før 1. mars 2029. Døme på vesentlege ulemper vil kunne vere støy, søppel/forureining og trafikk utover forventa aktivitet knytt til bubilar på eigedomen.
  3. Ei eventuell permanent bubilparkering skal handsamast som planendring med fullstendige vurderingar av konsekvensar for strandsone, trafikktryggleik, naturmangfald og medverknad, jf. uttalen frå fylkeskommunen.

Teknisk utval viser til at dette er eit mellombels tiltak som er fullt ut reverserbart og utan behov for etablering av ny infrastruktur. Aktuelt område ligg også skjerma til frå naboar og fylkesveg, og det er kort gang- og sykkelavstand til sentrum. Trafikkmengda inn og ut frå eigedomen kan ikkje seiast å verte meir enn kva som er pårekneleg innanfor gjeldande lovleg bruk av eigedomen i samsvar med reguleringsføremålet industri/lager. Basert på dette meiner teknisk utval at dispensasjonen ikkje vesentleg tilsidesett dei omsyna reguleringsplanen og strandsonevernet er meint å ivareta.

Teknisk utval meiner også at fordelane for søkjar samla sett er større enn eventuelle ulemper for omgjevnadene, og at merknadane frå naboar og fylket i stor grad vert ivareteke gjennom dei fastsette vilkåra over.

Vedteke

FOR

7
Berit Roppen Senterpartiet Bjørn Gunnar Tafjord Kristeleg Folkeparti Berit Overvåg Hjorth Høgre Hans Petter Th. Ulstein Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Marte Gurskevik Skeide Arbeiderpartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet

MOT

0