Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

10:39 Kommunalsjefen si tilråding

A: Teknisk utval gir dispensasjon frå LNF-føremålet i kommuneplanen og § 1-8 i plan- og bygningslova for frådeling av to bustadtomter, med heimel i plan- og bygningslova § 19-2, på følgjande vilkår:

  1. Det skal dokumenterast at kvar bustadtomt har lovleg og varig tilkomst frå offentleg veg, jf. plan- og bygningslova § 27-4. Eventuelle løyve for utvida bruk av avkøyrsel frå fv. 61 skal vere godkjende av rette vegstyresmakt før frådeling kan gjennomførast.
  2. Vilkår fastsette i tidlegare avkøyrselsløyve for eigedomen skal vere oppfylte og dokumenterte før godkjenning av ny utvida bruk.
  3. Det skal dokumenterast at krav til støy i samsvar med retningslinje T-1442 retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging er tilfredsstilt ved seinare byggjesøknad.
  4. Det skal tinglysast vegrett til bustadtomtene og rettar for tilkopling og leidningstrasear til vatn og avlaup.

Teknisk utval meiner at føresegnene i plan- og bygningslova er ivaretekne, og fordelane ved å gje dispensasjon samla sett er større enn ulempene ved at dispensasjon vert gjeve for bustadtomtene.

B: Teknisk utval avslår søknad om dispensasjon for frådeling av nausttomt, då dette vil vere i strid med omsyna bak plan- og bygningslova § 1-8 som allmenn tilgang til sjøen, natur- og landskapsverdiar. Utvalet viser i tillegg til at frådeling og etablering av naust på omsøkte parsell gjennom dispensasjonshandsaming kan gje uheldig presedens både i høve sakshandsaming og bruk av strandsona.

Vedteke

FOR

7
Berit Roppen Senterpartiet Bjørn Gunnar Tafjord Kristeleg Folkeparti Hans Petter Th. Ulstein Høgre Berit Overvåg Hjorth Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Marte Gurskevik Skeide Arbeiderpartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet

MOT

0