NOU 2026: 1 Ein berekraftig kommunesektor - uttale
Kommunedirektøren si tilråding
Ulstein kommunestyre sluttar seg til KS sine vurderingar i høyringa av NOU 2026: 1 En bærekraftig kommunesektor, og støttar tiltak som styrkjer lokalt sjølvstyre, gjev større fleksibilitet i bruk av personell og økonomi, og reduserer statleg detaljstyring.
Kommunestyret legg til grunn at endringar i styring og finansiering må sikre føreseielege rammer og rettvis fordeling, slik at Ulstein kommune kan møte lokale behov, demografiske endringar og framtidige bemanningsutfordringar.
Vedlegg
Endringsforslag frå L. M. B. Anderson (Sp)
Ulstein kommunestyre sluttar seg delvis til KS sine vurderingar i høyringa av NOU 2026: 1 En bærekraftig kommunesektor, og støttar tiltak som styrkjer lokalt sjølvstyre, gjev større fleksibilitet i bruk av personell og økonomi, og reduserer statleg detaljstyring.
Kommunestyret legg til grunn at endringar i styring og finansiering må sikre føreseielege rammer og rettvis fordeling, slik at Ulstein kommune kan møte lokale behov, demografiske endringar og framtidige bemanningsutfordringar.
Ulstein kommunestyre ynskjer ikkje å endre lærarnorma då ein ser at dette kan føre til ein reduksjon av ressursar til skulane. Skal kommunane klare oppdraget sitt med omstilling og demografiendring, vert skulane sitt oppdrag enda viktigare. Ein må få alle gjennom utdanning og ut i arbeid om ein skal løyse utfordringane i framtida. For å greie dette må ein sikre nok kompetanse og ressursar i oppvekst.
Vedlegg
Levekårsutvalet 04.03.2026
Levekårsutvalet vil legge tilrette for grundig drøfting i partigruppene før endeleg vedtak i kommunestyret. Her står prinsippa mellom kommunalt sjølvstyre og konkret sikring av viktige rettar i skule- og omsorgsområdet.gjennom overordna detaljstyring.mot kvarandre.
Levekår gjer derfor ikkje særskilt realitetsvedtak i denne saka.