Hopp til hovudinnhaldet

Saksframlegg - Dispensasjon - fjerning av steingard, gnr. 70, bnr. 98 - Johanmarka, Eiksund

01

Kommunalsjefen si tilråding

Innstilling Behandlet

Teknisk utval viser til saksutgreiinga og gir med heimel i plan- og bygningslova (PBL) § 19-2 dispensasjon frå § 8 i reguleringsføresegnene for “Johanmarka bustadfelt”, planID 20040003, slik at steingarden langs tomtegrensa mot gnr. 70, bnr. 98 kan takast ned i lengda av bustadbygget, inntil om lag 28 meter.

Grunngivinga er omsyn til sikkerheita for bustadbygget og bebuarane på gnr. 70, bnr. 98 og at sikringa av steingarden bør skje snarast råd. Utvalet legg også vesentleg vekt på at denne delen av steingarden ikkje er av fullt så høgverdig estetisk og utføringsmessigt kvalitet som den resterande del av steingarden vidare vestover langs gnr. 70, bnr. 98, og at austre enden av steingarden her allereie i stor grad er rasa saman. Vidare at sikring av steingarden bak bustadbygget vil bli ein omfattande og kostbar affære, som også ville kunne krevje vedlikehald av eigarane i framtida både før og etter at bustadtomt med gnr. 70, bnr. 115 er seld. Teknisk utval ser at kommunen som eigar av uselde tomter vanskeleg kan prioritere vedlikehald av steingardar på slike tomter.

Sidan omfanget av rivinga er avgrensa, og at aktuell del av steingarden har relativt låg kvalitet, finn teknisk utval at omsyna bak reguleringsføresegna ikkje vert vesentleg sett til side. Fordelane ved å gi dispensasjon synest å vere klart større enn ulempene.

Teknisk utval vurderer det slik at fjerning av del av den omsøkte steingarden er eit mindre tiltak som ikkje treng omsøkast eller godkjennast etter PBL sin byggesaksdel, jf. også SAK10, §§ 4-1 og 4-4 m/ veil. Dvs. tiltaket med å ta ned nødvendig del av steingarden kan utførast etter at nødvendig dispensasjon er gitt.

Vedlegg

Les meir expand_more