Hopp til hovudinnhaldet
01

Kommunalsjefen si tilråding

Innstilling Behandlet
  1. Teknisk utval gjev med heimel i plan- og bygningslova (PBL) § 19-3 mellombels dispensasjon frå reguleringsformålet industri/bilservice slik at eigar av gnr. 6, bnr. 43 - Fløvegen 124, kan etablere treningsstudio/crossfit i desse lokala. 
  2. Teknisk utval gjev med heimel i PBL § 19-2 dispensasjon frå regulert byggegrense mot Fløvegen og frå fastsatt U-grad i reguleringsplanen slik at eigedomen kan oppgraderast og utnyttast som omsøkt. 
  3. Teknisk utval godkjenner med heimel i PBL § 20-3 søknaden om rammeløyve for rehabilitering, mindre tilbygg mot vest og bruksendring av bygningsmassen til føremåla treningsstudio/crossfit og AudioNerds (for montering av bilstereo), opparbeiding av parkeringsplassar.
  4. Teknisk utval godkjenner med heimel i PBL § 31-4 søknaden om å fråvike byggteknisk forskrift (TEK17) for dei forholda som er nemnde i eige vedlegg til søknaden. Fråvika er vurdert til å gje mindre konsekvensar for helse, miljø, sikkerheit og tilgjengelegheit. Det er difor forsvarleg å godkjenne søknaden om fråvik som omsøkt.
  5. Følgjande dokument ligg til grunn for godkjenninga:

- Situasjonsplanar, daterte 06.12.2025

- Revidert parkeringsplan, datert 24.03.2026 

- Teikningssett (plan og fasade), daterte 06.12.2025

Teknisk utval set følgjande vilkår i saka: 

  1. Tiltakshavar skal innan 1. mai 2027 gjere ei evaluering av situasjonen i høve bruken av bygget. Denne skal særskilt knytast til eventuelle støyutfordringar og trafikksikkerheit, jf. nabomerknadane om dette.
  2. Eventuelle avkast frå ventilasjonsanlegg mot nord og aust skal ha lydfelle for å dempe støy frå bygget mot omgjevnadane.
  3. Dersom tiltaket viser seg å medføre vesentlege ulemper for omgjevnadane, kan dispensasjonen verte trekt attende. Døme på vesentlege ulemper vil kunne vere trafikk utover forventa aktivitet tilknytt eigedomen og brot på gjeldande grenseverdiar for støy. Det kan i så fall verte stilt krav om støyvurdering.
  4. All inn- og utkøyring og parkering skal i sin heilheit skje i samsvar med krav stilt frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er ikkje høve til parkering mellom eksisterande bygningsmasse og Fløvegen innanfor sikkerheitssona.
  5. Det skal etablerast eit fysisk skilje mellom bygningsmassen og Fløvegen, og dette etter nærare gjennomføringsavtale med Møre og Romsdal fylkeskommune.
  6. Ein tek atterhald om eventuelle merknadar frå Statens vegvesen, jf. at dei ikkje har levert uttale.
  7. Avfallsplan må utarbeidast og sluttrapport for denne sendast inn til kommunen seinast i samband med søknad om ferdigattest.
  8. Før igangsettingsløyve kan gjevast, må det i lag med søknaden innleverast følgjande:

- samtykke frå Arbeidstilsynet, jf. at det skal vere arbeidsplassar i delar av lokala (AudioNerds)

- signert gjennomføringsavtale med Møre og Romsdal fylkeskommune vedkomande tiltak mot fylkesvegen

Trafikkmengda inn og ut frå eigedomen kan ikkje seiast å verte vesentleg meir enn kva som er pårekneleg innanfor gjeldande lovleg bruk av eigedomen i samsvar med reguleringsføremålet. Basert på dette meiner teknisk utval at dispensasjonen ikkje vesentleg set til side dei omsyna reguleringsplanen er meint å ivareta. Når det gjeld støyforhold, føreset teknisk utval at eigar innrettar seg etter gjeldande grenseverdiar for støy.

Teknisk utval meiner også at fordelane for søkjar samla sett er større enn eventuelle ulemper for omgjevnadene, og at merknadane frå naboar og fylket i stor grad vert ivaretekne gjennom dei fastsette vilkåra over.

Vedlegg

Les meir expand_more